Nyhet
23.03.2009

Steinslitar på Milde legg hanskane på hylla

Faktisk har ikkje gartnarveteran Jon Kleveland vore så flink til å bruke hanskane sine. Men derimot har han flittig brukt sitt rutinerte ”steinauge” og handlag når han dei 10 siste åra har bygd opp fjellhagen og steinmurer elles i Arboretet og Botanisk hage.

Fjellhagen på Milde 23. mars 2009

Fjellhagen frå dammen mot tepaviljongen tidleg vår 2009. Steinmesteren Jon...
Fjellhagen frå dammen mot tepaviljongen tidleg vår 2009. Steinmesteren Jon Kleveland i bakgrunnen, har snudd og tilpassa dei fleste steinar ein ser her.
Foto: 
Alf Helge Søyland

 

Me som har hatt Jon som kollega og læremeister i nær 12 år er svært audmjuk ovanfor han som no pensjonerer seg. Trass eit heilt arbeidsliv som anleggsgartnar, er det knapt ingen av oss i staben på Milde som er så mjuk og sprek som denne pensjonisten.

Jon har sin styrke ikkje berre i hendene, men også i hovudet. Dei mange vanskelege latinske namna som han har halde greie på i både Fjellhagen og Japanhagen, hugsar han like godt som gamle olympiske merittar. Jon sin interesse for skøytetider er unik.