Nyhet
13.05.2009

….., det er Milde i raudt, kvitt og blååått !

Kor hen du går i Nydalen på Arboretet, vil du finne vakre blomar som matchar med våre nasjonalfargar no til helga.

Rh.Virginia Richards

Bløming i Nydalen mot "Rødhette og hennes søsken"
Bløming i Nydalen mot "Rødhette og hennes søsken"
Foto: 
Bjørn Moe

 

Få med deg den overdådige bløminga til rhododendron kultivarane i Nydalen som no i finværet viser fram nærast alle regnbuens farger.

”Den røde plass”, "Den gule og blå bakken", og ”Rødhette og hennes søsken” står no i fullt flor. Det same gjer dei mellomstore blomane i Triflora-gruppen ved Dunkesteinen, og ein del storblomstra rhododendron.

Dei lauvfellande rhododendron (asalea) og dei ekstra blomerike japanske asalea, byrjar no bløminga.

Likeeins kjem også ”Dvergene” (yakushimanum-kultivarer ) med sine mange ulike fargespekter av tettsittane store blomar.

Blir de ikkje metta av blomar og farger, kan de gå vidare til rhododendron i skogen innanfor Mørkevatnet, kor dei ville artene er samla. Blomane er enklare og jamt over ikkje så fargesterke.

Blondehuskafeen er open også på laurdag frå 12.30 til 16.00, men stengt 17 mai-sundagen. Ta derfor med kaffe på termos om du vel rolege omgjevnader under eller etter feiringa.

Vil du høyre meir om rhododendron, så husk temavandringa av professor Per Magnus Jørgensen , fyrstkomande tysdag 19 mai, kl. 18.00 i Nydalen.