Nyhet
11.05.2010

Plantene trosser snø og nattefrost i mai

Sjølv om hovudbløminga av rhododendron venter på varmare dagar, er det enkelte tidlege asiatiske sorter som allereie slår ut kronblada og risikerar framleis frostskade, endå det er langt ut i mai. Lauvtre frå dei same fjerne fjellområda har no kome godt i gong med skotveksten, sjølv om vår heimlege bjørk knapt har lauv til 17. mai i år.

Rhod. Taurus'

Den tidlege Rh. 'Taurus' viser godt igjen blant "Kjempene" i Nydalen.
Den tidlege Rh. 'Taurus' viser godt igjen blant "Kjempene" i Nydalen.
Foto: 
Alf Helge Søyland

I mai er det mykje fine opplevingar å sjå etter, før me får varme dagar som driv fram blad og blomar på buskar og tre. Slik sett er det litt bra med kjølig vær så ein rekk å få med seg alle detaljar og kan gle oss til dei ulike blomsterflora ein har i vente.

 

Me reknar no endå å vere 2-3 veker seinare i utvikling på plantene i høve dei vel heller tidlege vårane me har hatt i dei siste åra.

Det viser seg godt på bløminga av rhododendron, der berre dei tidlegaste sortane har trossa snøvær og kulde no tidleg i mai, og derfor har fått seg ein liten ”smekk” på dei tunne kronblada. Trass i synlege frostskader elles på blada, for ein del sortar, står det likevel mykje uskadde blomeknoppar som vil opne seg ganske snart.

Andre lauvtre som er van med lågare temperatur for lauvsprett er allereie på god veg med årets skotvekst. Dette er gjerne rogn og arter av lønn frå Japan eller Himalaya som tåler godt litt frost på nye blad. Mange av desse austlege artene har også mykje raudleg fargestoff i blada som kjem til syne både no på våren, og spesielt seinare som haustfargar.

Om ein ser dei på nært hald, har også mange planter knoppskjell med dekorative farger.

 

Synlege vinterskader

Den spesielt strenge vinteren har gjeve oss god røynsle med kor vinterherdige nyinnførde planter er her på Milde.

Innan rhododendron vert det registrert kor mykje skade dei har fått i vinter. Vår erfaring er at sjølv om planta ser ganske svidd ut på blada, vil den ofte kunne bryte igjen med nye knoppar lenger nede på greinene.

Verre har det vore for visse kristtorn og nokon meir sjeldne vintergrøne busker og tre som har fått bark- og stammeskader, nokre heilt ned til bakken. Dette er busker og tre som har stått uskadd i 10 -15 år, og som no i beste fall må starte på nytt frå bakkenivå.

For nokre vakre vintergrøne busker frå sørlege halvkule, som f.eks Hebe, er dette noko ein må leve med og heller satse på at det vil gå like lang tid til neste harde vinter.