Nyhet
01.06.2011

Blomar på gråstein

Ikkje mange plantar kan vekse rett ut av våre harde bergarter. Men er du heldig og har ein god horisontal sprekk i eit berg eller ein mur i hagen, har du ein ypparleg planteplass for lewisia som elles kan vere vanskeleg å få til i vårt våte klima.

Lewisia cotyledon, Kalifornialewisia

Kalifornialewisia i ei god bergsprekk ved Lynghagen
Kalifornialewisia i ei god bergsprekk ved Lynghagen
Foto: 
Alf Helge Søyland

Lewisia cotyledon, Kalifornia-lewisia er relativt hardfør mot kalde vintrar, men toler dårleg fukt i rothalsen. Ein horisontal sprekk kor rota kan søke seg fram til passe fukt, vil gje akkurat den regnskjermen planta treng om vinteren.

Våre lewisia vart planta for over 15 år sia i ei ca 5 cm. bergsprekk mellom lynghagen og Blondehuset. Me dytta då inn litt god jord og litt gjødsel og planta rosettane vertikalt ut av sprekken. Sia har dei vekse og blomstret frodig kvart år utan vidare stell.

Lewisia cotyledon som me har her er frøplanter som varierar i farge, men det finnast eit utal av utvalde sortar i handelen.

Ein annan art, Praktlewisia, Lewisia tweedyi er avblomstret står også i bergsprekken. Denne og andre sorter lewisia  finn du også i Fjellhagen i Botanisk hage.