Nyhet
08.01.2010

Ski- og akebrettføre på Milde !

Vinteren har lagt eit hardt grep kring plantene i Arboretet og Botanisk hage. Det er likevel all grunn til å ta ein tur for å oppleve dei fine stemningane i skogen, eller la barna leike under trygge tilhøve.

Selja i Miniarboretet

Snødekt selje over brua i Miniarboretet.
Snødekt selje over brua i Miniarboretet.
Foto: 
Terhi Pousi

 

 

Når det no er slike fine vinterdagar med snøtunge buskar og tre, er det gode grunnar for å nytta områda her på ski og til fots.

På turvegane frå parkeringsplassen på Dalsmyra ligg det eit fast snødekke for både ski og for dei som vil gå til fots og oppleve våre plantesamlingar i vinterdrakt. Mange bartre står med snødekte greinar. 

Skraping og strøing av hovudvegar blir ikkje gjort før det blir mildvær og fare for glatt føre. Ingenting tyder på at det vil skje med det første. 

Det er gode forhold for parkering ettersom P-plassane er brøyta både på Dalsmyra ved inngangen til Arboretet og ved Botanisk hage. I Botanisk hage er hovudvegane blitt brøyta, og det er gode forhold for å gå tur i Japanhagen og i de andre områda der.

Vi håper plantene i Japanhagen og Fjellhagen får eit isolerande vern frå snøen, slik at vi unngår skadar etter frosten.

I bakken ned mot Grøneviksmyra og Blondehuset er det no fine forhold for både aking og snøbrett. Her er det også lys på kveldstid.

Innover i skogen mot Brandaneset er det 3 gapahuker kor det er tørt og fint å sitte under når de treng kvile og matbit. Husk å ta med termos med varm drikke.

Ikkje gå ut på vatna. Kommunen åtvarar mot at ingen vatn har trygg is. Sjølv om det er kaldt ligg snøen som eit isolerande teppe over både Mørkevatnet og Mildevatnet.

 

God tur!