Gå til innhold
English A A A

Tidleg vårbløming i Botanisk Hage på Milde


I fjellhagen blømar no fleire sildrer og andre fjellplanter i den tidlege vårsola.

Saxifraga xjenkisii i blom på kalktuff i Botanisk hage på Milde

Saxifraga xjenkisii i blom på kalktuff i Botanisk hage på Milde Foto: Alf Helge Søyland

 

Desse hardføre sildrene (Saxifraga spp.) overvintrer som små kompakte vintergrøne tuer som står planta rett i porøs kalktuff (kalkstein). Denne sildren står klar til bløming så snart den får litt varmegrader no tidleg på våren.

Vår eigen vakre norske raudsilde (Saxifraga oppositifolia) står også no med små knuppar og er verd eit syn om de vitjar fjellhagen dei næraste vekene.

Elles kan ein sjå mange av dei same sildrene i Musehagen i Bergen

 

Saxifraga 'Tom Hall'

Saxifraga burseriana 'Prince Hal' i full blom på kalktuff i Fjellhagen på Milde Foto: Alf Helge Søyland

Sist endret: 15.5.2009