Røsslyngen har pyntet seg til høsten |
R. Samuelsen
|
Ein liten, symbolsk lynghage og eit tilbod om tilrettelegging
av eit område, finansiering av plantar, hjelp med arbeidet
- dels dugnad og dels finansiering av innleigd hjelp, og ikkje
minst
eksperthjelp både når det gjeld planarbeid og kjøp
og stell av lyngplantar var gåva Arboretets venner kom
med 21. august 1996 da Det norske arboret fylte 25 år.
Hagen ble plassert nær veksthuset. Staden har eit gunstig
lokalklima, han var gunstig plassert i høve til andre samlingar
og i høve til publikum, og det var eit område der behovet
for eit større inngrep for å retta opp att terrenget,
absolutt var til stades
6. juni 1999 kunne Arboretets venner sin leiar, Hanne Katinka
Hofgaard overlevera lynghagen til arboretdirektør Per Harald
Salvesen.
Hagen er delt i 7 tema:
- Overgang mot Sørlige
halvkule
- "Blomsterlyng”
- Lappeteppet
- Blandet selskap
- Kalkknaus
- Sur, skrinn knaus og sandjord
- Myrfeltet
Mellom vegen gjennom lynghagen og parkeringsplassen ved garasjen
er eit område der tanken er å visa lyng saman med andre
plantar.
Døme på slike kombinasjonar er:
Lyng og liljer der vi viser lyng saman med forskjellige
løk- og knollvekstar som narsissar, villtulipanar, sandliljer,
montbretia og blomstrande løk (Allium);
Bunndekkeharmoni der lyngparti vert avgrensa av
låge, gjerne krypande staudar og småbuskar som gjev
eit godt markdekke samstundes med at det er vakkert; Fargefeltet
som set lyng saman med blomster- og fargerike staudar og buskar;
Lyng som randplanting som viser døme på
lyngplantar som kan veksa på ein murkant, gjerne kombinert
med andre randplantar;
Sære vokseformer og Premiekabinettet
der lyng vert det utfyllande elementet mellom høgare staudar
og tre og buskar med sær vekst eller form;
Grovsprekkområdet der vi prøver lyng
saman med dei mest spesialiserte steinbedplantane og skaper ein
lyngfjellhage.
Denne delen av lynghagen går gradvis over i Dvergbartresamlinga.
Men dvergbartre er og med i dei fleste samplantingsfelta. Spesielt
i "Sære vokseformer” kan små, skulpturelle
former av tuja, sypress og einer skapa ein spennande lyng/dvergbartrehage.
|
|