
Typisk smitte på unge skot av bulkemispel. |
A.H.Søyland
|
|
Plantesjukdomen pære-brann kjem
av bakterien Erwinia amylovora, og har vore kjend i USA
i over 200 år. Dei siste 40 åra har sjukdomen
spreidd seg til dei fleste land i Europa.
I Noreg vart Pærebrann først funne i Rogaland
i 1986, og den kom truleg til Bergens-området i
2002.
Vi må nok leve med smittefare
frå forvilla mispel rundt Bergen i framtida. Men det vil vere ein god
førebygging for vidare smitte, å fjerna mest mogeleg av bulkemispelen. |
I Noreg har pærebrann til no fyrst og fremst vore
ein visnesjuke på ein del mispel-artar som veks i hagar
eller forvilla i utmark. I varmare land har sjukdommen stundom
ført til alvorlige visneskadar i eple- og pærehagar,
derav namnet pærebrann.
Arboretet har i samarbeid med Mattilsynet, prøvd å rydda
vekk all bulkemispel i området rundt Milde etter at
sjuk-dommen vart oppdaga på Hjellestad i 2005. Det
er spesielt bulkemisplar og pile-misplar som er utsette for å få smitte.
Ved å redusere smittepress frå slike busker,
er det håp om å unngå smitte på andre
mindre mottakelege misplar, hagtorn, eple- og pæretre.
Ein kombinasjon av høg temperatur og mykje fukt og
regn gjer at bakterien veks og smittar over på nye
planter i opne sår, blomster og nye skot. Spesielt
når bakterien skil ut eit blankt slim kan dette lett
spreia seg til andre planter med sprut, vind, insekt og reiskap.
Mattilsynet organiserar ei stor ryddeaksjon av bulkemispel
rundt smitta områder i kyst-stroka. I tillegg vert
all bulke-mispel i Hardanger rydda som førebyggjande
tiltak mot smitte til frukthagar.
Har ein fått smitten i hagen eller på busker
i nærleiken, bør smitta planter fjernast. Greinavfall
frå buskane kan ein flise opp eller kompostere på staden.
Smitta materiale må ikkje flyttast (til bossfylling)
då dette kan føre til spreiing. Smitten vil
berre overleve relativt kort tid på dødt materiale.
Men ver nøye med desinfeksjon av reiskap etter bruk
(rød-sprit, klorin e.l.)
|