UIB-uglen

 

UiB : Arboretet og Botanisk hage: Botanisk hage: nyttevekst
Det norske arboret Botanisk hage

Potetsamlingen i Botanisk hage

 

B. Moe

Potetåkeren i Botanisk hage vart etablert i 1998. Samlinga av poteter er stadig vorte utvida med nye sortar. Målet med samlinga er å stille ut eit breitt utval av potetsortar, både sortar som er i bruk i dagens landbruk og sortar som av ulike årsaker er gått ut. I samlinga fins både gamle norske sortar og importerte sortar som har hatt betydning i Norge.

Potetene i Botanisk hage vart hausta i veke 38, og me ynskjer her å presentere dei nærare. I 2008 vart det dyrka 30 ulike potetsortar, levert av Norges Landbrukshøgskule og fleire privatpersonar. Sommaren 2008 har vore god, og vi har tilført en del sand i åkeren slik at det har blitt mindre sykdom. Dette har gitt oss den beste avlinga på lang tid.

Den store mengda potetsortar i Norge seier noko om kor viktig denne nytteveksten er. Det er naudsynt med eit mangfald av sortar tilpassa den store variasjonen i jordsmonn og ulike klimatilhøve. Sortane vert foredla fram for å oppnå best mogeleg tilpassing til veksestaden, gje god avling, tåle lagring og vere resistente mot soppangrep, virus og andre sjukdomar.

Arbeid med foredling av poteten har pågått i Europa i over 200 år. Potetforedling er eit svært tidkrevjande og langsiktig arbeid. Det kan ta opp til 15 år frå kryssing av to sortar til ein ny sort er utprøvd og godkjend. I denne perioden skal sorten testast for resistens mot ei rekkje sjukdomar og skadedyr, og dyrkingseigenskapane i ulike typar klima skal registrerast. Viktige eigenskapar vert kartlagde, og det vert klart i kva landsdel den nye sorten trivs best. Godkjenning av nye sortar vert gjort av Statens planteavlsråd.

Mer om potetens historie (hos Landbruks- og matdepartementet)

Potetsortar og avlingar
2005 - 2008

(trykk her)

Startside
Besøke oss?
Været akkurat nå
Blomstrings- og
aktivitetskalender
Nyheter
Siste temavandring
Arboretets venner
Publikasjoner
Aksjon Plantearven
Søk i plantebasen
Arboretet
   Blondehuset
   Lynghagen
   Rhododendron
   Rosariet
Botanisk hage
   Fjellhagen
   Mosehagen
   Nytteveksthagen
Veksthus
Ansatte
Informasjonsbrosjyre

Under slagordet
”En gjemt skatt”
har FAO -
FNs organisasjon
for landbruk og mat
lansert 2008 som
potetens år.

Hensikten er å øke bevisstheten
om poteten som næringsmiddel
og landbruket generelt.

 
 
 

 

 

 
     
Offisiell side