Sjeldne søringar blømer på Milde
I vår plantesamling frå sørlege halvkule, har me i år fått flott bløming på fleire sjeldne planteartar som er lite kjent i Noreg.
Mest spennande er det med bløminga av flaskekostbusken frå Australia, som no etter mange vellukka overvintringar ute og ein varm sommar i fjor, kvitterar med sine spesielle lyst gule kostliknande blomar.
Vanlegvis kjenner ein mest til denne Callistemon-slekta som bilde og postkort frå Australia, men då mest frå raude røde arter som også kan vokse opp i trestørrelse. Elles kan buskformer lett dyrkast i kar som ein overvintrar frostfritt.
Vår busk er planta på den kanskje lunaste bakken me har, utafor administrasjonsbygget, kor me elles har mykje andre planteslag frå den sørlege halvkulen.
Vidare blømar no Hoheria lyallii, som er den einaste busken me har av ”mountain ribbon woods” som veks i fjellområdar på New Zealand. Slekta tilhøyrer kattostfamilien som me elles kjenner frå våre ville kattoster (Malva sp.) og Poppelroser (Lavatera sp.).
Vår busk er no på ca 2,5 meter og står rett ved sida av dei svære bladplantene av storgunnera Gunnera tinctoria i Hollenderbakken bak veksthuset.
Vår største hebe, Hebe salicifolia har litt uventa etablert seg svært bra hos oss etter me fekk småplanter av den frå Stavanger Botaniske Hage i år 2000. No er den opp til 2,5 meter og kjem kvart år med flotte nedbøygde aks av lyst lilla blomar. Den sår seg også sjølv under buskene og har endå ikkje teke skade av våre milde vintrar. Også denne kjem frå New Zealand, slik som mange av våre andre mindre heber.
Hebe salicifolia med sine lange pileforma blad og elegante hengende bomer, står som over 2 meter høg busk no i bakken mellom vekstuset og administrasjonen på Milde Foto: Alf Helge Søyland
Sist endret: 23.7.2009
Nyheter fra Arboretet og Botanisk hage, Milde
- Dugnad i rosariet (14.05.2012)
- Rhododendron-blomstringen er i gang (28.03.2012)
- Årringen kommer (06.03.2012)
- Ein riktig juleblom (22.12.2011)
- Heilage kjærleiksplanter oppdaga i Arboretet (07.12.2011)
Relaterte nyhetssaker
- Presentasjon av masteroppgave: Estimation of Global Terrestrial Evapotranspiration (15.05.2012)
- Moisture Transport and Precipitation in Ethiopia (03.05.2012)
- Bjerknes feires i mars (11.03.2012)
- The Indian monsoon - Climatology, variability and possible forcing mechanisms (09.03.2012)
- Physical-biological interactions and fish recruitment mechanisms in eastern boundary upwelling ecosystems (08.03.2012)