Nyttevekster i Botanisk hage – eit multikulturelt møte
I år viser vi spesielle grønsaker frå Asia og det gamle Roma. Vi viser også korn frå Afghanistan.
Dei eldgamle austasiatiske sivilisasjonane dyrka mange slags planter, og ulike grønsaker. Vi viser ein del av desse kultivarane i nyttevekstavdelinga, Botanisk hage.
Frå nordaust i Afghanistan, i Hindukush, kjem det korn og kapers. Dette er nokre av dei få nytteplantane som veks i denne fjellregionen (opptil 3000 m.o.h.).
I Det gamle Roma dyrka dei og mange grønsaker – kom å sjå kva dei bruka av blomkål og brokkoli.
I tillegg til alt dette har vi i år ein flott potetåker med mange ulike sortar. I kornåkeren er det mange slag kveitekorn. Vi har elles ein mengde erter og bønner, blant anna ”ringeriksert” og "jærert" og mykje, mykje meir.
Velkommen til eit spennande møte i nytteveksten!
Elles blomstrar og duftar det frå både historiske, moderne og ville roser i Naustdalen, ta turen til Arboretet og Botanisk hage i sommar.
Gode grønsaker som brukes i det asiatiske kjøkkenet og som selges som frø i Norge. Foto: Reidun Myking
Sist endret: 28.7.2011
Nyheter fra Arboretet og Botanisk hage, Milde
- Sommerblomstene er på plass (28.06.2013)
- Seinere enn seint (10.04.2013)
- Tørr ved fra Arboretet (28.02.2013)
- Lyktevandring i Japanhagen (11.12.2012)
- Lokka fram av mild haust (16.11.2012)
Relaterte nyhetssaker
- Heks med bart (21.06.2013)
- Den lange vegen mot CO2-lagring (10.05.2013)
- Den "forbannede" oljen (02.05.2013)
- Body Hacked - Body Extended Work Session (17.04.2013)
- Tonnevis av stein på flyttefot ( BT 13.4.13) (16.04.2013)