Hjem
Universitetshagene

Heilage kjærleiksplanter oppdaga i Arboretet

Misteltein er ei spennande vintergrøn snylteplante omgitt av mykje mystikk, tradisjonar og medisinske verknader. Godt skjult av lauvet på vertsplantene sine, har fire unge mistelteinbuskar fått vekse i fred i fleire år før dei vart oppdaga etter lauvfall denne hausten.

Mistelteinene er etablert ca 3 meter oppe i 2 av rognetrea.
Mistelteinene er etablert ca 3 meter oppe i 2 av rognetrea.
Foto/ill.:
Alf helge Søyland

Hovedinnhold

I Arboretet har vi lenge hatt misteltein å vise fram til publikum. Først hadde vi ei hannplante på eit epletre i Hatlehaugen. Den var triveleg i mange år før den knakk ned. Etter fleire forsøk med "frø såing" (poding) på ulike treslag, fekk me fram ein ny misteltein på ein hagtorn ved muren mot Fana folkehøgskule. Me har vakta denne godt då vi trudde det var den einaste i Arboretet, men det viser seg altså at me har fire planter til. Ut frå talet på skota er det omlag seks år sida desse plantene spirte ut frå stammane til vertstrea. Vi har ikkje eksakt årstal for podinga, men vi anslår omlag fire år tidlegare.    

Misteltein Viscum album, er ein halvsnyltebusk fordi den er grøn og har eigen fotosyntese, men den manglar røter og må ta til seg næring ved å suge ut safta frå treet den veks på. Den veks gjerne på treslag i rosefamlien, men også på andre lauvtre som lind og eik. Misteltein er varmekjær, og difor veks den naturleg berre rundt midtre del av Oslofjorden, men den er også blitt planta i hagar spreidd langs kysten til Møre. I Noreg har misteltein hatt ei langt større utbreiing i tidlegare varme klimaperiodar. Fossilfunn fortel at den vaks naturleg på Vestlandet under den postglaciale varmetida. 

Planta spreiar seg ved at dei kvite bæra vert etne av fugl. Når fuglane slepp seg etterpå, er bærmassen seig som lim og festar seg lett på kvistar og i greinvinklar på vertstreet. Den ca. 5 mm store grøne spiren som slepp levande gjennom fuglemagen kan gro gjennom barken og infisere veden.

Så kan det gå fleire år før dei to første blada viser seg. Hos oss har planta vakse ut fleire stader på eit ”infisert” område på opptil 50 cm langs fire stammar av rogn. Etter at vi utførte podinga gjekk det fleire år utan at det skjedde noko spiring, og til slutt hadde vi gløymt heile prosjektet. Men no har 3 av mistelteinbuskene nådd ein diameter på opp mot 60 cm og har allereie fått bær. Misteltein er særbu, og dette må altså vere hoplanter.

Planta er godt kjent i nordisk mytologi. Frå Edda kjenner vi segnet om guden Balder som Loke fekk Hodd til å drepe ved å skyte ein pil av misteltein.     

I keltisk tradisjon er mistelteinen viktig, da han var sett på som symbol på grøderikdom og tileigna kjærleiksgudinna. Vi finn rester av denne kulten i Storbrittannia i dag, der ein heng misteltein opp til jul, og ei jente som står under ein slik kvast, kan fritt kyssast. Om ein vil nytta seg av denne gamle skikken under ein av mistelteinane i Arboretet, må ein gjere det ute i friluft og utan å skade plantene, då dei er totalfreda i Noreg. Heile planta og bæra av misteltein er giftig, men den har likevel sidan oldtida vore brukt mot ein rekkje sjukdomar.

I nyare tid er mistelteinpreparat lansert mot kreft, mellom anna av Rudolf Steiner som utvikla variantar av preparatet Iscador, etter dei ulike treslaga som planta veks på. Opp til i dag har slike legemiddel vore hyppig brukt i Mellom-Europa i tillegg til konvensjonell kreftbehandling. Men det er også åtvara mot biverknader og dårleg dokumentert effekt. Meir om misteltein kan ein lese i Urtekildens planteleksikon.