Hjem
Universitetshagene

Sjelden magnolia og bananen 'Blue Java' i blom på Milde

No i siste vekene i juni har me hatt sjeldan bløming i arboretet. Først ein Japansk kjempemagnolia som først no etter 35 år kom med to svære blomar. Vidare oppdaga me ein flott blåleg blom på ein bananplante me sette ut for sommaren ved Rosariet.

Den reint kvite Magnolia obovata rett før den opnar seg.
Den reint kvite Magnolia obovata rett før den opnar seg.
Foto/ill.:
Alf Helge Søyland

Hovedinnhold

Magnolia obovata, som me har venta skulle bløme i mange år, sia me fekk samla den som frø i Japan i 1976, kom endeleg med sine fyrste to store blomar no i juni. Denne kraftige arten av magnolia med eksotisk store blad er ganske sjeldan å sjå her i Norge. I Musehagen i Bergen stod eit stort tre inntil musébygningen, men vart vinterskadd og saget ned for eit par år sia.

Me har også ein liten banansamling som me flytter ut av veksthusa og planter ein lun plass i Hatlehaugen (ved Rosariet) kvart år. I fjor og i år har me hatt fine rosa blomar på arten Musa velutina.

Men i år oppdaga me også ein flott blom på sorten Musa 'Blue Java' når me skulle plante dei ut til utstilling i Hatlehaugen. Der vert dei ståande til frosten kjem og blir så tatt inn for overvintring att. Men ein stor hardfør japansk fiberbanan, Musa basjoo, skal me forsøke å overvintre ute neste vinter med ekstra god innpakking.