Gå til innhold
English A A A

Japanhagen


Japanhagen er ein ny attraksjon i Botanisk hage på Milde. Den vart innvia 20. mai 2008, og inneheld element frå japansk hagetradisjon, slik som bruer, lykter, grushage, mosehage og tepaviljong. Mange japanske planter trivst godt i norsk klima.

Iris ensataFix.jpg

Den klassiske japanske sumpirisen (Iris ensata) står foran Tepaviljongen.

Kirengenshoma1 Fix (2).jpg

Månestråle veks ved den store lykta Misaki-gata.

 

Venskapshage i norsk natur

Japanhagen er teikna og utforma av den kjente japanske landskapsarkitekten Haruto Kobayashi. Han har lagt inn japanske grunnelement i ein norsk natur. Det er altså ikkje meininga at hagen på Milde skal vere ei etterlikning av eit historisk anlegg i Japan. "Dette skal vere ein hage for venskap og forståelse mellom Japan og Noreg" - slik har Kobayashi uttrykt seg om hagen. 

Vestlandsklimaet med mykje nedbør og milde vintrar er eit godt grunnlag mosehagen som er etablert på haugen sentralt i hagen.

 

Anleggsarbeidet

Japanhagen er bygd i perioden 2005-08. Arbeidet er dels utført av norske anleggsgartnarar og dels av eigne tilsette. I periodar har vi fått hjelp frå ekspertar frå Japan, t.d. med oppsetting av bambusgjerdet ved inngangen, steinarbeidet i bekkegjelet, montering av lyktene og tømrararbeidet med Tepaviljongen.

 

Inngangsparti med bambusgjerde

Mange av elementa i hagen har komme frå Japan. Allereie til oppstarten i 2005 kom det ein container med dei fyrste steinlyktene og materialane til bambusgjerdet. Det er brukt ekte bambus, men det er mogleg at ein etterlikning i plast ville stått seg betre i det fuktige vestlandsklimaet. Like innafor gjerdet står den vakre og fargerike Primula japonica.

 

Bruene

Hagen har tre bruer. Den største er ein stor og elegant trebru som vinklar seg fram over sumpen ved Vågelva. Gangvegen som går vidare til den litle trebrua blir kalla dei fire årstiders sti. Ein steinbru ligg i overgangen mellom bekkegjelet og grushagen.

 

Lyktene

Steinlykter er svært gamle innslag i japansk hagekunst, og det finst fleire hundre navnsette lyktetypar. På Milde har vi 8 lykter på sentrale stader i hagen. Dei er sett opp som orienteringspunkt for å vise retninga innover i området.

 

Visdomskilden, bekkegjelet og grushagen 

Bekkegjelet er utforma av store steinblokkar, og den lyse singelen skal gi ein illusjon om vatn som renn frå visdomskjelda og ut i grusdammen. I dammen ligg det fleire øyar, der to av dei skal symbolisere Japan og Noreg. Til saman dannar øyane det japanske skriftteiknet for hjartelig.

 

Tepaviljongen

Denne bygningen i japansk sedertre kallast ein paviljong fordi den har opningar i tre veggar. Herfrå er det god utsikt mot grusdammen og bekkegjelet, og dei store opningane gir ein harmonisk innramming av synsinntrykka frå hagen og naturen omkring.

 

Plantene

Det er eit krav til plantene at dei må ha japansk opphav, enten reine artar som veks naturleg i Japan eller foredlingar av desse. Vi har mange japanske planter i Arboretet, og nokre av dei er blitt flytta til Japanhagen. Generelt skal blomstringa ikkje ha for sterke fargar. Haustfargane derimot er vikige.

DSC_0295.JPG

Primula japonica veks like innafor bambusgjerdet ved inngangen til hagen.

Sist endret: 20.8.2009

Last ned filer