Potetsamlinga i Botanisk hage
Potetåkeren i Botanisk hage vart etablert i 1998. Samlinga av poteter er stadig vorte utvida med nye sortar. Målet med samlinga er å stille ut eit breitt utval av potetsortar, både sortar som er i bruk i dagens landbruk og sortar som av ulike årsaker er gått ut. I samlinga fins både gamle norske sortar og importerte sortar som har hatt betydning i Norge.
Den store mengda potetsortar i Norge seier noko om kor viktig denne nytteveksten er. Det er naudsynt med eit mangfald av sortar tilpassa den store variasjonen i jordsmonn og ulike klimatilhøve. Sortane vert foredla fram for å oppnå best mogeleg tilpassing til veksestaden, gje god avling, tåle lagring og vere resistente mot soppangrep, virus og andre sjukdomar.
Arbeid med foredling av poteten har pågått i Europa i over 200 år. Potetforedling er eit svært tidkrevjande og langsiktig arbeid. Det kan ta opp til 15 år frå kryssing av to sortar til ein ny sort er utprøvd og godkjend. I denne perioden skal sorten testast for resistens mot ei rekkje sjukdomar og skadedyr, og dyrkingseigenskapane i ulike typar klima skal registrerast. Viktige eigenskapar vert kartlagde, og det vert klart i kva landsdel den nye sorten trivs best. Godkjenning av nye sortar vert gjort av Statens planteavlsråd.
Mer om potetens historie (hos Landbruks- og matdepartementet)