Gå til innhold
English A A A

Sniglagjerde i Nytteveksthagen


For å kunne isolere Nytteveksthagen frå glupske brunsniglar, har me i to år prøvd ut eit hinder med ei saltpølse under ein grøn plastprofil. No har me skifta ut delar av denne plastkanten med eit enklare gjerde laga av finmaska nett som snigelen har vanskar med å forsere.

Nytt sniglagjerde av finmaska duk som er festa mot ugrasduk med streng og silikon. Bakanfor  står det eldre saltgjerde som er retta opp att med stålplater som tåler sola betre.

Nytt sniglagjerde av finmaska duk som er festa mot ugrasduk med streng og silikon. Bakanfor står det eldre saltgjerde som er blitt retta opp att med stålplater som tåler sola betre. Foto: Alf Helge Søyland

Mykje av grønsakene i Nytteveksthagen er attraktive for brunsnigelen, så derfor har me lagt ned mykje ressursar i å halde denne fri for sniglar.

Me nyttar oss av både direkte plukking, fangst i øl-fellar og bruk av Ferramol og nematodar. Vi har ikkje nytta metoden med nematodar i år, men har erfaring frå 2009.

Rundt Nytteveksthagen har me prøvd ut eit gjerde med plastprofiler som dekker over ei saltpølse snigelen ikkje kan forsere. Diverre tolte ikkje dei svarte plastveggene varme dagar med direkte sol på, og mykje snø sist vinter var også eit problem. Derfor har vi no gått over til å prøve ut eit finmaska nett som er bøygd utover og ned att på utsida. Dette er ein ide frå jordbærdyrkar Henrik Tellevik på Askøy og ser ut til å fungere enkelt og greit over lang tid. Vi har registrert krypespor som viser at snigelen har prøvd å krype opp på gjerdet, men ikkje klart å komme over. Det er montert ein svart plastduk på utsida slik at ugras ikkje skal lage krypebru for snigelen.

 

Nytt sniglagjerde i Nytteveksthagen

Nytt sniglagjerde i Nytteveksthagen er laga av finmaska nett bretta over ein toppstreng. Gartnarane Monica Strømme og Stefan Reinmann skjer vekk potetris. Graskarutstillinga i framkanten. Foto: Alf Helge Søyland

Sist endret: 24.8.2010