Sommarblomstutstilling
Sommarblomstrane i Botanisk hage er ein stor attraksjon for mange. Dei pryder området med sine mange vakre blomar i stort fargespekter.
Eit stort felt med sommarblomar er plassert i Solåkeren like innanfor den sørlege inngangen til Botanisk hage. Disse plantene er eittårige og må fornyast kvart år.
Våre sommarblomar i Botanisk hage er eit forsøksfelt, og vi får levert frø av NORGRO AS. Kvart år har vi ein sortsliste med omlag 150 ulike sommarblomar. Arboretet og Botanisk hage mottar store mengder frø og stiklingar av sommarblomar som vi sår og setter til spiring i veksthuset frå seinvinteren og utover våren. Fyrst ute er dei hardføre stemorsblomane i slutten av januar, og deretter kommer nellikar og georginer i februar, mens tagetes, chrysanthemum og løvemunn settes til spiring i mars.
Sommarblomane fyller opp store deler av veksthuset om våren, og dei må stå inne til faren for nattefrost er forbi, normalt i slutten av mai. Utover i juni dannar sommarblomane en fargerik utstilling i Botanisk hage, og plantene vokser seg tettare og høgare utover sommaren. I byrjinga av august inviterer NORGRO til ein årleg gjennomgang av sommarblomutstillinga. De er ønskjer å vise fram resultatet og gir kommentarar til sortsvalet, og dei bruker feltet faglig ved å vise det fram for fagdyrkarar. Våre sommarblomar vekkjer stor interesse hos publikum.