UiB : Årsmelding : Tal for 2004 :

 

 

Startside

UiB 2004

Utdanning
Forsking
Doktorgradar
Samarbeid
Store gåver
Holbergprisen
Biblioteket
Ombygging
Tal for 2004

Fakulteta


Tal for 2004

Studentar

Antall studentar med studierett er 16 609.

Førebels resultat frå arbeidet med implementeringa av Kvalitetsreforma:
- Talet på eksamensmeldingar auka frå om lag 63 000 i 2003 til 68 000 i 2004. Ein større del av dei som melde seg, møtte til eksamen, og strykprosenten gjekk ned frå 9 prosent i 2003 til 7,8 prosent i 2004.
- Ein aukande del av dei nye studentane legg opp til å ta ein grad.
- Gjennomstrømminga i studia er betra.

I 2004 vart det avlagt studiepoeng tilsvarande 10 401 årseiningar.

Les øvrige resultat frå undervisningsaktivitetane.

Forsking
Universitetet har ei omfattande forskingsverksemd innan fleire område. Delar av denne verksemda er i 2004 underlagd eksterne evalueringar, med positive resultat.

Les meir informasjon om dette og endå meir.

Rekneskap
Førebelse rekneskapstal viser at verksemda ved universitetet hadde eit omfang på 2,4 milliardar. Endelige rekneskapstal og årsberetning for 2004 vil vere klar 15. mai 2005. Rekneskap og årsrapport skal deretter reviderast av Riksrevisjonen før overlevering til Utdannings- og forskingsdepartementet 15. juli 2005.

Les førebelse rekneskapstal for universitets avdelingar.