UiB : Årsmelding : Det medisinske fakultet :

Det medisinske fakultet

Fakultetssamanslåing gjev grunnlag for faglege løft
(Foto: Paul-Erik Rosenbaum.)

Samanslutnings- prosessen med Det odontologiske fakultet vart gjennomført på ein konstruktiv og positiv måte. Mange av fagmiljøa ved fakultetet kjem til å dra god nytte av samlinga i ein sterk organisasjon. Det er lagt eit godt grunnlag for å utvikle faglege synergiar mellom fleire fagmiljø og på tvers av etablerte samarbeid.

Gode evalueringer og etablering av nye studieprogram
Fakultetet vart evaluert av NOKUT i 2006 og fekk gode skussmål i sluttrapporten som kom i 2007. Både studiekvalitet og læringsmiljø er høgt prioritert. Fakultetet skal følgje opp ein del av tilbakemeldingane frå NOKUT, og det er satt inn ressursar for å styrke utdanningsprogramma ytterlegare.

UiBs studieprogram innan ernæring og farmasi er svært relevante for fakultetets forskings- og utdanningsprofil. Mange fagmiljø og personar er i involvert i arbeidet med desse studieprogramma og difor er det ekstra gledeleg at det vert etablert eit masterstudium i klinisk ernæring med berekna første opptak hausten 2008.

Fakultetet sette ny rekord i avlagde doktorgrader med heile 55 kandidatar, og mastergradskandidat nr 100 i fysioterapi avla eksamen i løpet av året.

Nordisk senter of Excellence innan ernæring
I 2007 vart fagmiljø ved Institutt for indremedisin tildelt status som ”Nordic center of Excellence” i ernæringsrelatert forsking. Senteret er etablert med mange sterke internasjonale samarbeidspartnarar og har allereie fått gode tilbakemeldingar.

Vidareført FUGE-satsing
Fakultetet sine tre satsingar innan FUGE-plattformane Norwegian Proteomics Consortium (Nor-Proteomics) in Norwegian Molecular Imaging Consortium (Nor-MIC) og Norwegian Micro Array Consortium (NMC) kom særs godt ut i evalueringa av FUGE I, og vart alle vidareførte under FUGE II. Koordiantoransvaret for Nor-proteomics og Nor-MIC konsortia vart båe lagt til UiB. Det totale budsjettet for alle MOF sine satsingar innan FUGE II frå 2008 til 2011 er på 102 millionar kroner, derav 29 millionar i støtte frå NFR.

       
  © 2008 Universitetet i Bergen
Adresse: Postboks 7800, 5020 Bergen -Tlf.: +47 55 58 00 00, Fax: +47 55 58 96 43
Ansvarlig redaktør: Formidlingsdirektøren. Utviklet og vedlikeholdt av Formidlingsavdelingen