UiB : Årsmelding : Det matematisk-naturvitskapelege fakultet :

Det matematisk-naturvitskapelege fakultet

Fakultetet har fått mykje positiv merksemd for både forskinga og studietilboda i året som gjekk.
Ved bruk av ein kjernetakar vert verdifulle sediment henta opp frå havbotnen. Slike prøver kan avdekke tidlegare aktivitet som har funne stad i djuphavet fleire tusen år tilbake i tid. Prøvene kan også verta nytta til å undersøke djupbiosfæren under havbotnen. (Foto: Elinor Bartle).

Etter to tiår med vitskapleg innsats for å dokumentera klimaendringar og samanhengen mellom menneskelege aktivitetar og global oppvarming, fekk FNs klimapanel Nobels fredspris i 2007 saman med tidlegare visepresident i USA, Al Gore jr.

Bjerknessenteret har som eitt av fire forskingssentra i Europa og einaste i Norden levert klimasimuleringar til rapporten, inkludert scenario for klimautviklinga mellom 1850 og 2100. Dagleg leiar ved Bjerknessenteret, Eystein Jansen, er ein av 20 forskarar verda over som koordinerte det vitskaplege grunnlaget for denne rapporten. Han hadde ansvaret for å koordinera kapittelet om fortidsklima. Ein annan sentral forfattar er forskarkollega Christoph Heinze ved Bjerknessenteret og Geofysisk institutt.

Nytt senter for framifrå forsking
I 2007 vart Senter for geobiologi oppretta ved Universitetet i Bergen. Senteret er eit nasjonalt senter for framifrå forsking (SFF) og er det tredje SFF tilknytta MN. Senter for geobiologi er eit samarbeid mellom Institutt for geovitskap og Institutt for biologi. Forskingsområda inkluderar økosystem ved varme og kalde kjelder, geodynamikk i djuphavet, samspelet mellom vatn, bergartar og mikrobar, den djupe biosfæren, livets røter og biosignaturar, samt jorda si urtid. Geobiologi er eit relativt nytt forskingsområde, og ei viktig oppgåve for senteret blir å utdanna forskarar med ny og unik kompetanse i kryssingsfeltet mellom biologi og geologi.

Vinnar av Kunnskapsdepartementet sin utdanningskvalitetspris

Studiesjef Elisabeth Müller Lysebo og visedekan for undervising Rein Aasland tar imot prisen frå statssekretær i Kunnskaps-departementet, Per Botolf Maurseth. (Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde).

MN (saman med sine systerfakultet frå UiO, NTNU og UiT) vann Kunnskapsdepartementet sin årlege utdanningskvalitetspris for å ha betra gjennomføringa på masterutdanninga i realfag. Prisen vart delt ut under NOKUT-konferansen i Bodø 2. mai 2007. Prispengane på 500.000 kr vart fordelt mellom dei fire institusjonane.

Vinnar av Ugleprisen
Saman med Det juridiske fakultet vann MN årets Uglepris for godt studiekvalitets- og utviklingsarbeid ved UiB. Rein Aasland mottok prisen på 150.000 kr under ei offisiell prisutdeling den 19. februar.

Matematikk-rekord
Heile 418 studentar bestod hausten 2007 eitt av dei to grunnemna i matematikk ved Universitetet i Bergen, og dette er ny rekord. Strykprosenten var 11 prosent. Til samanlikning vart det i 1999 bestått 194 eksamen i dei to emna.

John Birks – verdas 6. mest siterte forskar innan geofag.

John Birks og UiB på verdstoppen i siteringar innan geofag
The Institute for Scientific Information har rangert (innan geofag) verdas forskarar, universitet og geoinstitusjonar i høve til Citations og Citation Impact for perioden 1996-2007. Her kjem Professor Harry John Betteley Birks ved Institutt for biologi på ein imponerande 6. plass. UiB er nr 22 (nr 5 i Europa) i Citations og best i Europa - og nr 6 globalt - når det gjeld Citation Impact. [Meir informasjon]

 

Science- og Nature artiklar

  • Furnes H., De Wit M., Staudigel H., Rosing M. & Muehlenbachs K. 2007. A Vestige of Earth´s Oldest Ophiolite. Science, 315, 1704-1707.
  • Furnes H ., De Wit M., Straudigel H., Rosing M. & Muehlenbachs K., 2007. Response to Comments on “A Vestige of Earth´s Oldest Ophiolite”. Science, 318, 746.
  • Jørgensen C , K Enberg, ES Dunlop, R Arlinghaus, DS Boukal, K Brander, B Ernande, A Gardmark, F Johnston, S Matsumura, H Pardoe, K Raab, A Silva, A Vainikka, U Dieckmann, M Heino & AD Rijnsdorp 2007. Ecology: managing evolving fish stocks. Science, 318: 1247-1248
  • Kleiven H.F ., Kissel C., Laj C., Ninnemann U.S., Richter T.O. & Cortijo E., 2007 (publisert online 6 Desember 2007 (10.1126/Science.1148924). Reduced North Atlantic Deep Water Coeval with the Glacial Lake Agassiz Fresh Water Outburst Science, 319, 60, (2008).
  • Lynch-Stieglitz & 17 andre(Dokken, T., Ninnemann U.), 2007. Atlantic meridional overturning circulation during the last Glacial Maximum. Science, 316, 66-69.
  • Putnam NH. & 19 andre (Genikhovich G, Technau U), (2007). Sea Anemone Genome Reveals Ancestral Eumetazoan Gene Repertoire and Genomic Organization. Science, 317(86).
  • Riebesell, U & 10 andre (Bellerby, R.G.J., C. Neill, G. Nondal), 2007. Enhanced biological carbon consumption in a high CO 2 ocean. Nature, 450, 545-548.
  • Talling R.J. & 12 andre (Zuhlsdorff C.), 2007. Onset of submarine debris flow deposition far from original giant landslide. Nature, 450, 541-544.
  • Telford, RJ , V Vandvik & HJB Birks 2007. Response to comment on "Dispersal limitations matter for microbial morphospecies" Science, 316: 1124  
       
  © 2008 Universitetet i Bergen
Adresse: Postboks 7800, 5020 Bergen -Tlf.: +47 55 58 00 00, Fax: +47 55 58 96 43
Ansvarlig redaktør: Formidlingsdirektøren. Utviklet og vedlikeholdt av Formidlingsavdelingen