Startside
Årsmeldingsarkiv
UiB 2007
Faglig verksemd
|
Det odontologiske fakultet
I 2007 vart det gjort omfattande førebuingar til samanslåinga av Det medisinske fakultet og Det odontologiske fakultet, og til utskiljinga av klinikken til eiga eining under universitetsdirektøren.
(Foto: Paul-Erik Rosenbaum.)
Prosessen, som vart fullført innan nyttår, vart leia av en prosjektorganisasjon med medlemer frå begge fakulteta, oppnemnd av UiB og leia av Nina Mevold. Mot slutten av året vart ho tilsett som fakultetsdirektør på det samanslutta fakultet. Både tilsette og studentar ved engasjerte og deltok i møteverksemda framfor samanslåinga. Då Det medisinsk-odontologiske fakultet og Odontologisk klinikk var etablert ved nyttår var det basert på et omfattande og ressurskrevjande arbeid der ei rekke tilsette vart omplassert i ny stillingsstruktur, og der utlyste stillingar delvis vart besett av nye personar.
NOKUT-evaluering
Fakultetet si mastergradsutdanning (tannlegeutdanninga) og forskarutdanning vart i løpet av året evaluert av NOKUT med tanke på reakkreditering. Prosessen var svært omfattande og inkluderte ei sjølvevaluering og eit todagars besøk av ein sakkyndig komité der tilsette og studentar vart intervjua og lokala inspisert. Komiteens rapportar kom i august. Evalueringa av forskarutdanninga var svært positiv. Også tannlegeutdanninga fekk god omtale, men med nokre forslag til forbetringar, spesielt om den kliniske undervisninga. I begge rapportane kom det likevel fram ganske sterk kritikk av de bygningsmessige tilhøva. Desse vart karakterisert som å vere eit trugsmål mot kvaliteten på utdanninga og arbeidsmiljøet for tilsette og studentar. I november leverte NOKUT si formelle reakkreditering av begge utdanningane.
Bygg og lokale
I tillegg til at NOKUT kritiserte kvaliteten på bygg og lokale, kom Bedriftshelsetenesta (BHT) i haustsemesteret med eit notat om arbeidsmiljøutfordringar ved bygget i Årstadveien 17. Notatet konkluderte med nokre anbefalingar om akutt-tiltak, og dessutan vart det foreslått å redusere aktiviteten i bygget i påvente av nytt bygg. Disse signala kom om lag samtidig med at statsbudsjettet for 2008 vart lagd frem utan løyving til nytt odontologibygg. Det resulterte i en rekke diskusjonar mellom UiB og styresmaktene, med universitetsleiinga som aktive pådrivarar, og dette førte til at statsråd Aasland i november besøkte fakultetet og tok det gamle bygget i augesyn. Saka fekk stor merksemd i media, der statsråden slo fast at odontologibygget står øvst på Kunnskapsdepartementet si prioriteringsliste for nye bygg. I kjølvatnet av desse hendingane var fakultetet i dialog med universitetsleiinga om ein del bygningsmessige strakstiltak. Planlegging av ei rehabilitering av dei lokala som er forbunde med de største arbeidsmiljømessige utfordringane (propedeutisk laboratorium og studentklinikken), kom også i gang. Det var også semje om en viss reduksjon av utdanningskapasiteten i tida frem til nytt bygg står ferdig.
|