Gå til innhold
English A A A

Å redda verda på pensum

Pia (23) har alltid vore fascinert av havet. Då ho ville studere marinbiologi, var valet soleklart: UiB satsar spesielt på marine studier og har både unik kompetanse og tilgang på havet.

bachelor student ved BIO

bachelor student ved BIO

Her ved Bergenskysten er det så mykje meir å sjå på, derfor blir feltkursa meir spennande.

- Pia Dahlen

Utdanning: Bachelorgrad i biologi.

- Eg dykkar på fritida og da eg skulle studera havet, var det lite interessant å gjøre det i Oslo. Her ved Bergenskysten er det så mykje meir å sjå på, vi finner mye meir, og det vi ser er friskare. Derfor blir feltkursa meir spennande også, fortel Pia Dahlen. Ho er på andre året av ei bachelorgrad i biologi.

Engasjerte studentar

Faga tilknytte biologi engasjerer studentane.

- Vi hadde eit fag som mellom anna viste oss korleis sjøfuglbestanden vert øydelagt av overfiske, korleis små fugleungar døyr av svolt fordi foreldra kjem med fisk som har vorte for svær å svelga grunna mangel på ei anna fiskesort igjen, forklarar ho.

- Eg blei sjokkert og skikkeleg irritert. Eg har alltid tenkt at eg ville bli marinbiolog, men no trur eg at eg hellar mot å jobba med forvaltning i staden. Eg sit og blir rasande på TV’en når den viser korleis vi øydelegg jorda vår, eg vil redda verda, seier den engasjerte studenten.

Kryp i skogen

Og ein må ikkje tru at biologistudentane berre sit med nasen nedgrave i bøker. Tvert om; dei er ute og fartar meir enn studentar flest.

- Dei fleste grunnemna har anten laboratorieundervisning eller feltkurs, iallfall. Åh, det er heilt fantastisk i grunn, smilar Pia, og forklarar:

- I Zoologi har vi feltkurs kor vi kryp rundt i skogen- der ble eg forresten kvitt min frykt for insekt. Vi plukkar insekt med pinsett og fisker krabber og tar dei med tilbake til laben og tittar på dei i mikroskop. Ein blir utrolig godt kjent med klassa si på sånne turar, seier ho, og legg til:

-  Førelesaren vår i zoologi fekk forresten prisen for UiBs beste førelesar, etter å ha vore nominert fem år på rad.

Måtte ringe mamma

Pia fortset å nemne døme på praktiske øvingar i faga:

- I marine økosystem reiste vi ut med trål, og drog opp ting frå havbotnen og titta på det. Eg var i ekstase da eg kom heim frå det feltkurset, eg måtte bare ringe mamma og hyle at eg hadde valt perfekt utdanning, fortel ho.

Og døma berre fortset:

- I mikrobiologi fremstiller vi bakteriekulturar som vi dyrkar, i fysiologi spring vi på tredemølle og målar kva som kjem ut og inn munnen, i botanikk teiknar vi plantar og blomar, og i zoologi skjærer vi i rotter og fiskar for å sjå korleis dei ser ut inni, seier ho på utpust.  

Festar og BBC-seriar

Ho er inderleg i målet då vi spør om studentmiljøet på faget hennar.

- Heile Det matematisk-naturvitskapelige fakultet er ”one big happy family”, ler ho.

- Vi har fantastiske festar og arrangerar mange både sosiale og faglege kveldar, mellom anna Blue Planet-kveldar og bedriftsbesøk, fortel biologistudenten.

Pia er ikkje nemneverdig i tvil om at biologi passar for dei fleste.

- Faget passer eigentlig for alle som liker å vite korleis verda fungerer. Liker du verden, liker du biologi, avsluttar ho med eit smil.