Masterprogram i biologi - geobiologi
Målet er å gi innsikt i og forståing av fundamentale problemstillingar som omhandlar det komplekse samspelet mellom geo- og biosfæren. Soknadsfrist 1. juni.
Målet med masterprogram i biologi - geobiologi er å gi innsikt i og forståing av fundamentale problemstillingar i geobiologi som omhandlar det komplekse samspelet mellom geo- og biosfæren. Dei spenner frå grunnleggande tema som livets opphav, grenser for liv og korleis liv tilpassar seg ytre miljøfaktorar, til tema av stor samfunnsmessig viktighet som berekraftig forvaltning av naturressursar og miljø, og bioteknologisk bruk av organismar/biologisk materiale frå naturlege miljø. Studiet skal gi innsikt og erfaring med bruk av biologisk metodikk på tokt, i felt og i laboratoriet. Tradisjonelle metodar for dyrking og karakterisering av organismar i kombinasjon med molekylærbiologi og bioinformatikk er viktige verktøy for å få kunnskap om biodiversitet og organismane sine eigenskapar og funksjonar i ulike habitat. Ved å gjennomføre ei sjølvstendig vitskapleg masteroppgåve skal du lære å planleggje og gjennomføre eksperiment, samt vurdere og diskutere resultata i lys av teoriar og hypotesar.
Sist endret: 20.5.2010