Hjem
Institutt for biomedisin
Visste du at?

Kroppen vår – ein slags aspik?

Det høyres jo litt rart ut, og er heller ikkje heilt slik – vi består jo ikkje av kokt sjømat og grønsaker i salt gelé. Men litt likskap er det. Cellene våre er i stor grad fordelt i ein slags gelé som dei lever og røyrer seg i.

Bilete viser celler (mørkegrå) i ein gel av kollagen (lysegrå)
Bilete viser celler (mørkegrå) i ein gel av kollagen (lysegrå)

Hovedinnhold

Det viser seg å vere eit svært dynamisk samspel mellom cellene og denne geleen, som er viktig for å forstå korleis våre organ blir forma, og fungerer – eller ikkje fungerer, som i ulike sjukdommar.

For celler har eit indre skjelett (cytoskjelett) som gjev dei form og som er nødvendig for rørsle.  Dette cytoskjelettet er også nødvendig for at cellene skal kunne henge fast i kvarandre og i dette ytre, fibrøse skjelettet som finst mellom cellene, og som blir kalla ”ekstracellulær matriks”. Den består av lange proteinmolekyl og karbohydrater som viklar seg samen til ein slags gelé. Eit slikt protein er collagen, som vi blant anna brukar til å lage nettopp gele, men vi kallar det gelatin. Gelatin får ein ved å koke beinmarg, som også inneheld mykje av denne matriksen. I beinmargen er matriks viktig for vekst og modning av stamceller til bl.a. å bli ferdig utvikla blodceller. Likevel, våre vev inneheld også mykje ekstracellulær matriks, og ein begynner først nå å forstå kor viktig den er for korleis celler oppfører seg.

På samme måte som celler har mange protein-molekyler på overflata (reseptorer) som gjenkjenner hormoner, kan celler gjenkjenna ulike typer matriksprotein. Integriner er ein familie med slike reseptorer. Ulike celletyper gjenkjenner ulike matriksprotein avhengig av kva type reseptorer dei har, og binding mellom reseptorene og matriks utløyser mange reaksjonar inne i cellene – ein prosess som blir kalla signalomforming. Dette fører ofte til at cellene endrar eigenskaper.

Kanskje ikkje uventa, viser det seg at ulike typar integrinreseptorer er nødvendig for utforming og funksjon av normalt vev. Desse reseptorane er fokus for forskinga til prof. Donald Gullberg ved instituttet (www.uib.no/rg/matrix). Her studerer dei korleis reseptorane fungerer, både ved normaltilstand og ved utvikling av sjukdommar. I eit nyleg publisert arbeide har dei kartlagt nettopp ei mekanisme for korleis ein integrinreseptor type kan vere involvert i utvikling av fibrose kor endringar i ekstracellulær matriks (ofte auka stivhet) gjev nedsett organfunksjon. Dette kan t.d. vere hjarte- eller lungefunksjon. Ny forsking viser også at dette kan vere viktig i utvikling av kreft. Det viser seg at kreftceller lever i samspel med andre celletyper i kroppen vår og at den ekstracellulære matriks er endra i kreftsvulsten. Mykje av desse endringane går nettopp på auka stivhet, og ein meinar denne endringa er viktig for å forstå korleis kreftceller får auka resistens mot behandling og korleis kreften spreier seg i kroppen. Dette er noko av det ”Team Gullberg” prøver finne ut av i si forsking.