Nyhet
15.02.2011

Program for Christiekonferansen 2011

Tid: Onsdag 27. april 2011, 09.00-16.00

Stad: Peer Gynt Salen, Grieghallen, Bergen

Konferansier: Siri Lill Mannes, partnar i SpeakLab

Kl 8.30 – 9.00: Kaffi og registrering

OPNING

Christiekonferansen er den viktigaste regionale arenaen for samhandling mellom akademia og det omkringliggande samfunn. Perspektivet for årets konferanse er: Universitetet i Bergen – eit internasjonalt anerkjent forskingsuniversitet utanfor hovudstaden. Kva for moglegheiter og utfordringar gir det for Bergen, Vestlandet og Noreg?

Kl 9.00 – 9.05: Kortfilm          

Kl 9.05 - 9.15: Offisiell opning av konferansen
Ved rektor Sigmund Grønmo, Universitetet i Bergen

SESJON 1: DET INTERNASJONALE FORSKINGSUNIVERSITETET

Universitetet i Bergen er rangert som nummer 135 på Times Higher Educations siste liste over verdas fremste universitet. Kva inneber ei slik rangering? Fleire av dei beste universiteta i rankinga er ikkje hovudstadsuniversitet. Kva fordelar og ulemper gir avstanden til landets maktsentrum?

Kl 9.15 – 9.40: University Rankings – who cares - why care?

Kva inneber det at Universitetet i Bergen scorar høgst av universiteta i Noreg på Times Higher Education-rankinga? Kva typar universitet gjer det bra? Er det nokon skilnad mellom hovudstadsuniversitet og andre universitet?

Innlegg ved redaktør Phil Baty, Times Higher Education   

Kl 9.40 - 10.05: 600 års erfaring i verdstoppen

Universitetet i Lund har 600 års erfaring som akademisk læresete og har ein profil som liknar Universitetet i Bergen. Det er eit universitet som ligg utanfor landets hovudstad og markerer seg sterkt internasjonalt.

Innlegg ved rektor Per Eriksson, Universitetet i Lund

SMAKEBITAR FRÅ FORSKINGA VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetet i Bergen er eit breiddeuniversitet, med forsking og utdanning innan ei rekke universitetsdisiplinar. I vrimlearealet utanfor Peer Gynt Salen presenterer fagmiljø frå Universitetet samarbeidsprosjekt saman med eksterne aktørar.

Kl 10.05 - 10.35: Vrimling i området utanfor Peer Gynt Salen

SESJON 2: FRAMTIDAS KOMPETANSEBEHOV

Kvart år fullfører omlag 2500 studentar utdanningar ved Universitetet i Bergen og er klare for arbeidsmarknaden. Korleis ser omverda på kandidatane frå Universitetet i Bergen? 

Kl 10.35 – 11.05: Presentasjon av resultata frå undersøkinga Kompetanse 2020

Ved administrerande direktør Jostein Ryssevik, Ideas2Evidence

Intervju med viserektor Kuvvet Atakan, Universitetet i Bergen

Kl 11.05 – 11.45: Debatt om kva Universitetet i Bergen betyr for vår region og kva universitetet kan gjere for å styrke samhandlinga med omverda.   

I panelet:

  • Dagleg leiar Alfred Bjørlo, Måløy Vekst
  • Forbundsleiar Agnete Haaland, Norsk Skodespelarforbund
  • Administrerande direktør Alf Hildrum, TV2
  • Rektor Lin Holvik, Nordahl Grieg vidaregåande skule
  • Avtroppande Konkurransedirektør Knut Eggum Johansen, Konkurransetilsynet
  • Dagleg leiar Harald Schjelderup, Kavlifondet          

CHRISTIEPRISEN

I samband med Christiekonferansen deler Universitetet i Bergen ut Christieprisen. Prismottakarar skal gjennom arbeidet sitt ha medverka til å fremje eller synleggjere universitetets sentrale rolle i samfunnsutviklinga. Prisen kan gå til einskildpersonar eller til fagmiljø ved universitetet. Han kan også gå til einskildpersonar, grupper, institusjonar, verksemder eller organisasjonar innan forsking, kultur, nærings- og samfunnsliv utanfor universitetet. Føremålet med prisen er å vise verdien av samhandling mellom universitetet og omverda, og korleis forsking og utdanning bidrar til nyskaping i kultur-, nærings- og samfunnsliv.

Kl 11.45 - 12.00: Utdeling av Christieprisen

Ved universitetsdirektør Kari Tove Elvbakken, Universitetet i Bergen

MATPAUSE

Kl 12.00 – 13.00

Lunsj i spissen på Grieghallen * Kaffi i vrimlearealet utanfor Peer Gynt Salen Meny: Vestlandsbuffet  

SESJON 3: FORSKINGSFRONTAR VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetet i Bergen er leiande på ei rekke forskingsområde, og fire forskarar vil i denne sesjonen gje eit innblikk i dagsaktuell forsking ved Universitetet.

Kl 13.00 – 14.00

Studiar av sjeldne sjukdomar gir oss ny kunnskap om immunsystemet
Ved forskar Anette Susanne Bøe Wolff, Institutt for indremedisin ved Universitetet i Bergen

 

Juss som kultur
Ved professor Jørn Øyrehagen Sunde, Juridisk fakultet ved Universitetet i Bergen

Sjuk av sjukefråvær? Vegen ut av dei onde sirklane
Ved postdoktor Silje Endresen Reme, Harvard School of Public Health

Grunnforsking som fundament for nyskaping og kommersialisering - moglegheiter og utfordringar

Ved professor James Lorens, Institutt for biomedisin ved Universitetet i Bergen

INNSLAG FRÅ BERGENFEST

Kl 14.00 – 14.20

SMAKEBITAR FRÅ FORSKINGA VED UNIVERSITETET I BERGEN

Dagens siste sjanse til å gjere seg kjent med fagmiljøa sine samarbeidsprosjekt på standane i vrimlearealet utanfor Peer Gynt Salen.

Kl 14.20 – 14.40: Vrimling i området utanfor Peer Gynt Salen

SESJON 4: UNIVERSITETET I BERGENS ROLLE I NOREG

Universitetet i Bergen er også eit internasjonalt anerkjent breiddeuniversitet. Kva betyr det for Noreg å ha eit universitetet utanfor hovudstaden i ein slik posisjon? Og kva forventningar kan då ulike aktørar i samfunnet ha til Universitetet i Bergen?

kl 14.40 – 15.10: Kva betyr det for Noreg å ha eit universitetet utanfor hovudstaden som er i internasjonal toppklasse?

Innlegg ved statsråd Trond Giske, Nærings- og handelsdepartementet     

Kl 15.10 – 15.50: Debatt: Dei norske forskingsuniversiteta har hatt ei viktig rolle i å utvikle dagens Noreg. Kva rolle kan forskingsuniversiteta generelt, og Universitetet i Bergen spesielt, ha i å utvikle framtidas Noreg?          

I panelet:

  • Fagpolitisk ansvarleg Ingrid Foss Ballo, Norsk studentorganisasjon
  • Professor Anne Lise Fimreite, Universitetet i Bergen
  • Administrerande direktør Arvid Hallén, Noregs forskingsråd
  • Styreleiar Ole Eirik Lerøy, Marine Harvest
  • Byrådsleiar Monica Mæland, Bergen kommune
  • Professor Victor Norman, Norges Handelshøyskole

Kl 15.50 – 16.00  Avslutning

Her kan du melde deg på Christiekonferansen 2011
(Dersom du har fått tilsendt invitasjon i e-post ber vi deg om å nytte påmeldingslenka i e-posten)
Påmeldingsfrist: 27. mars

Sist justert: 29. mars 2011