Klart for Christie
– Når Grieghallen vert fylt av folk og ein kan høyra summinga i salen, då kjem eg til å frysa på ryggen. Då er det verd alt arbeidet, seier Anne Lise Fimreite. I dag går Christiekonferansen av stabelen.
Fimreite er leiar for programkomiteen som har sydd saman det tettpakka programmet til den andre Christiekonferansen. No er alt så klart som det kan bli, forsikrar Fimreite. Paneldeltakarane er på reisefot, Trond Giske og andre føredragshaldarar er klare med sine manus. Det er mykje som kan gå gale, folk kan verta sjuke og flyavgangar kan stoppast av skodde, men Fimreite er ikkje bekymra.
– Det er alltid ein risiko. Men me har gjort det me kan for at alt skal gå bra. Me har eit flott sekretariat som tek seg av alt, og Kulturoperatørene som har det praktiske ansvaret har mykje erfaring med dette. Eg er trygg på at alt går som det skal, seier ho til uib.no.
Eit av høgdepunkta på programmet er utdelinga av Christieprisen. Prisen går til aktørar som gjennom arbeidet sitt ha medverka til å fremja eller synleggjera universitetet si sentrale rolle i samfunnsutviklinga.
– Synleg samfunnsaktør
Lista over deltakarar er full. Aktørar frå næringslivet, offentleg sektor, kulturlivet, UiB og andre utdanningsinstitusjonar. Fimreite er ikkje i tvil om kva det er som gjer at folk er interesserte.
– UiB er ein viktig samfunnsaktør i regionen, og den første Christiekonferansen i fjor gav nok meirsmak. Resultata på rankingane det siste året har gjort oss meir synlege, og eg trur folk er interesserte i høyra meir om det.
Ikkje minst trur ho ideen bak sjølve konferansen lokkar.
– Me tematiserer universitetet og samfunnet. Korleis kan me bruka universitetet for å utvikla byen, regionen og landet vårt? Det er nettopp dette me har utfordra Trond Giske til å snakka om; kva universitetet tyder for Noreg.
Møter forskinga
Sjølv vil ho ikkje trekkja fram noko på programmet ho ser mest fram til. Det aller viktigaste er Christiekonferansen som ein møtestad.
– På Christiekonferansen skal ein treffa kvarandre og slå av ein prat.
Konferansen skal ikkje berre vera ein møtestad mellom folk, men folk skal også møta forskinga ved UiB. Fleire fagmiljø kjem til å stilla ut forskingsprosjekt.
– Me skal visa fram forskningsuniversitetet UiB, seier Fimreite.
Planleggjer 2012
Sjølv om Christiekonferansen 2011 snart brakar laus, tenkjer Fimreite alt på neste konferanse. Det første planleggjingsmøtet er i midten av mai.
– Eg har alt mange tankar om neste konferanse, og planleggjinga er godt i gang. Den viktigaste utviklinga for framtida er ei modning av ideen bak Christiekonferansen som ein møtestad mellom universitetet og samfunnet.
Christiekonferansen går av stabelen i Peer Gynt-salen i Grieghallen den 27. april og startar klokka 09.00.
Sist endret: 27.4.2011
Tema
-
Fremragende forskning
Vi presenterer UiBs SFF-kandidater som var med i finalerunden i november 2012.
Gå til tema Se alle tema
UiB i media
- Pinsestevne på Veøya (18.05.13)
- Den viktige sperregrensa (18.05.13)
- Kvinner og andre minoriteter (18.05.13)
- Verre etter Eurovision (18.05.13)
- Jakter på intelligens i genene til begavede barn (18.05.13)
Flere aktuelle saker
- Målet om å sikre levedyktige bygder nås ikke gjennom dagens produksjonsstøtte (16.05.2013)
- New study from MMN reveals important link between mitochondrial dysfunction and degeneration of the substantia nigra (16.05.2013)
- Folgefonnas hemmeligheter (16.05.2013)
- Industrial Biotechnology project to BIO (16.05.2013)
- Special issue about trust in the media (16.05.2013)

