Norden og Europa
Nasjonalt forskerutdanningskurs
Senter for mellomalderstudiar ved Universitetet i Bergen (CMS)
har dei to siste åra samarbeidd med Mellomaldersenteret ved
NTNU og med Senter for studiar i vikingtid og nordisk mellomalder
ved Universitetet i Oslo om å arrangere eit årleg nasjonalt
forskarutdanningskurs for Ph.D. -studentar som arbeider med mellomalderfag.
Kurset vart i 2004 arrangert av Mellomaldersenteret i Trondheim,
og i 2005 av Senter for studiar i vikingtid og nordisk mellomalder
i Oslo . Det neste kurset vil verte arrangert av CMS, og vil verte
halde i Bergen i 11.–13. oktober 2006.
Kurset finn stad
Onsdag- Fredag: Seminarrom 2 i Jussbygget, Dragefjellet og
Vi ber deltakarar (med unntak av dei som held føredrag) om å ordne med overnatting på eiga hand. Oversikt over overnattingsstader i Bergen finn du
her:http://www.visitbergen.com
Emnet for kurset vil vere Norden og Europa, og kan ta opp ulike
former for kontakt, ulikskapar, samanlikning mellom Norden og regionar
på kontinentet/England og forholdet mellom senter og pereferi.
Kurset er tverrfagleg, og vender seg til Ph.D.-studentar på alle
mellomalderfag.
Kurset vert lagt opp med innleiande førelesingar av etablerte
forskarar. Ph.D.-studentane vert inviterte til å presentere
eit kapittel av avhandlinga og få det diskutert på seminaret.
Manuskripta til Ph.D.-studentane vert sende ut til alle deltakarar
på kurset på førehand.
Kurset vil gje 3 ECTS-poeng.
Program
11.oktober
10.30. Sverre Bagge (historie, CMS):
Kongesagaene og europeisk historieskriving
11.30. Kurt Villads Jensen (historie, Odense):
Samtidighed og forsinkelse i nordisk og europæisk middelalderhistorie – om kulturudveksling og diffusionsmodeller i historieskrivning
12.30–13.30. Lunch
13.30. Sigbjørn Olse Sønnesyn:
The Concept of ‘Gens’ as a subject for a historical narrative
14.45. Raphaëlle Schott:
Drotning Margaretas politiska omgivning
Pause
16.15. Henric Bagerius:
Konstruktionen av sexualitet uner semmedeltiden
12. oktober
09.15. Lars Lönnroth (litteraturvitenskap, Göteborg):
Sagaerne och den europeiska literaturen
10.15. Anna Ida Røkeness:
Religiøs kongsideologi i Norge i Middelalderen
11.30. Anna Minara Ciardi:
The Cathedral Chapter of Ribe until 1223 and its Role as Agent of Tradition –
A case Study
12.45. Lunch.
13.45. Ekskursjon til Lysekloster
19. Middag
13. oktober
09.15. Jörn Staecker (arkeologi, Lund):
Vikingarne och Europa
10.15. Sæbjørg Walaker Nordeide (arkeologi, CMS):
Kristningen av Norge i europeisk perspektiv
Pause
11.30. Torgeir Landro:
Opphavet til dei eldste kristenrettane
12.45. Seminaravslutning
13.00 : Lunch
|