Fragment fra fortida III
Mellomalderens historie og kultur er overlevert oss gjennom fragment, gjennom lausrivne gjenstandar, bygnadsdelar, manuskript og tekstar Vårt bilete av mellomalderen er skapt på grunnlag av dette materialet. Utstillinga er sett saman av seks mindre temautstillingar som fordeler seg over to år. Vi er no komen til tredje og siste del utstillingsserien, og fokus er retta mot emna 'Bot og bedring' og 'Sagaer og sagaskriving'. Kvart tema vil bli utdjupa gjennom ei tilhøyrande førelesingsrekkje.
Bergensarane sette pris på underhaldning og god litteratur, og eit glas eller to, også i mellomalderen. Samstundes åtvara kyrkja dei mot dommen etter døden. Ved å legge ut på pilegrimsferd kunne ein både gjere bot for sine synder og oppleve verda.
Opning tysdag 7. februar kl 13.00
i Universitetsmuseet i Bergen, De kulturhistoriske samlinger, Haakon Sheteligs plass 10.
Føredrag våren 2012:
- Onsdag 29. februar, kl. 19.00:
Hilde Inntjore: Evig liv i denne verden? - Onsdag 14. mars, kl. 18.00:
Torstein Jørgensen: Bot og bedring - pilegrimer på vandring - Onsdag 28. mars, kl. 19.00:
Jonas Wellendorf: En nyttig norrøn litteratur - Onsdag 11. april, kl. 19.00:
Else Mundal: Sagaskrivarane i Bergen
Fragment fra fortida er eit samarbeid mellom Senter for mellomalderstudiar og Universitetsmuseet i Bergen, og er ein del av Universitetet i Bergen si særlege satsing på mellomalderforsking. Prosjektet omfattar både utstilling, føredrag og bok, og gir smakebitar fra Senteret sitt forskingsprogram Pereferi og sentrum i middelalderens Europa. utstillinga presenterer fleire viktige objekt frå Museet sine samlingar, og formidlar samstundes korleis forskaren nyttar fragmentert kjeldemateriale for å skape større heilskap i forståinga av for denne lange epoken i europeisk historie, som har forsynt Bergen med eit spesielt rikt materiale.
Museet har ope :
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00 (16.00, sommarsesong)
Laurdag-sundag: 11.00 - 16.00
Måndag stengt
Tidlegare tema:
- Kloster og kunnskap (våren 2011)
- Bysants og Norden (våren 2011)
- Stat og kongemakt (hausten 2011)
- Lov og rettferd (hausten 2011)