Handverk av skjeldan sort.
I forbindelse med utvendig restaurering av den verdige bygningen frå 1865 som rommer De naturhistoriske samlinger til Bergen Museum, er det avdekka store skader på fasadane på den eine fløyen (påbygd i 1896). No er polske stukkatørar i ferd med å bygge opp at hjørner og detaljar.
I mangel på kunnskap, vart for 20 år sidan fasadane sandblåst. Ei røff behandling som øydela den glatte pussen, med skarpe profilar og detaljert dekor. Når Universitetet no vil restaurere museumsbygningen utvendig og rette opp gamle feil, viste det seg at gamle teknikkar med stukkatur og tynn flytande puss, ikkje var å oppdrive i Bergen.
Ekspertisen fann vi på Oscars Hall Slott på Bygdøy. Kor det dei siste åra er gjennomført full renovering og restaurering. Fire mann, opprinneleg frå Polen, har bygd opp att lag for lag dei mest skadde partia på fasadane. Også nye løvehovuder er støyp, og vil no erstatta dei tjue år gamle hovuda av glasfiber.
I Polen er stukkatur enno eit levande handverk. Lokale murarar her i Bergen følgjer arbeidet, og vil gjennom prosjektet få tileigna seg ny kunnskap om desse tradisjosnrike teknikkane.
Den utvendige restaureringa av museumsbygningen vil pågå ut året.
Les mer om Museumsprosjektet-2014
Sist endret: 16.3.2010
Nyheter fra Eiendomsavdelingen
- Status arealmessige tilpasninger ved administrative avdelinger. (10.05.2012)
- Sommervikarer ved Eiendomsavdelingen 2012 (25.04.2012)
- Omlegging av parkeringsordningen ved UiB 2012 (23.02.2012)
- Færre innbrudd i 2011 (19.01.2012)
- Nytt adgangskontrollanlegg (15.12.2011)
Relaterte nyhetssaker
- Ingen penger til aulaen (15.05.2012)
- Visjoner for Vestlandet (23.02.2012)
- Inviterer til museumsmøte (15.02.2012)
- - Har nasjonal interesse (14.12.2011)
- Hva skal barnet hete? (11.11.2011)
- Bygg