Med forsking på nettet Elektroniske medium gir forskarar høve til å formidle meir og annleis enn gjennom papir. Men kven skal eige dei elektronisk publiserte forskingsresultata? AV INGAR MYKING Jostein Helland Hauge, prosjektleiar for Paraplyprosjektet ved Universitetet i Bergen, har jobba med slike spørsmål i fleire år. Paraplyprosjektet utviklar automatiseringsrutiner og databaser for forvaltning, publisering og formidling av forsking ved Universitetsbiblioteket i Bergen. Han er difor ein av dei som veit kva praktiske og teoretisk problem eit universitet må forhalde seg til i ei tid då stadig fleire brukar Verdsveven som kilde til kunnskap og formidling. — Det spanande med elektronisk publisering er at mediet opnar for andre presentasjonsformer av både forskingsresultat og sjølve prosessen rundt forskinga. Ein kan til dømes vise kva dataprogram ein har brukt i analysen, gi betre tilgang til kildegrunnlaget eller presentere stoffet ved hjelp av lyd, bilete eller video. Dessutan kan ein legge inn peikarar til eige laboratorium eller til anna relevant stoff, fortel Helland Hauge. Han var ein av dei som sto i spissen for den nordiske konferansen om elektronisk publisering som vart arrangert i Bergen 17. og 18. februar. Ein konferanse som hadde deltakarar og innleiarar frå Nederland, Storbritannia og alle dei nordiske landa. Her møttest folk frå forlagsbransjen, forskarar, bibliotekarar, universitetsadministratorar og andre aktørar som har betydning for den framtidige organiseringa av elektoniske publikasjonar innan akademia. — Bakgrunnen for konferansen var at Universitetsbiblioteket og Paraplyprosjektet hadde avslutta eit pilotprosjekt knytt til elektronisk publisering av forskingsarbeid ved Universitetet i Bergen. Vi hadde difor behov for å samanlikne arbeidet vårt med det som har vore gjort i andre land, framheld Jostein Helland Hauge. Særleg uvisse knyttar det seg til spørsmål om kva reglar som skal gjelde med omsyn til opphavsretten og tilgangen til forskingsarbeid på Internett. Det normale i dag er at forfattarar som har avtaler med forlag ikkje kan publisere fritt på Verdsveven. I ein del europeiske land og i USA har det vore tilløp til konfliktar mellom universiteta og forlaga der dei førstnemnde skuldar dei sistnemnde for å hindre at mykje forsking er tilgjengeleg på universitetsbiblioteka. Ein del europeiske universitet er no i ferd med å danne eit konsortium som skal danne felles front mot forlagsbransjen. Både i Skandinavia og elles i Europa ser ein at lærestadene dannar eigne elektroniske forlag. — Ei rekke universitet og bibliotek i Skandinavia vil no gå inn i konsortiet for å lage felles retningsliner om elektronisk publisering. Vi håpar dette skal munne ut i ei intensjonsavtale mellom forlag, forskarar og universitetsbibliotek. Utgangspunktet bør vere at forlaga ikkje skal ha høve til å sperre viktig forskingsinformasjon på nettet, meiner Helland Hauge, som understreker at det bør vere forfattarane sjølve som skal sitte på alle rettigheitane i samband med publisering av forskingsarbeid på Internett. — At universiteta er opptekne av problematikken, viste blant anna rektor
Jan Fridthjof Bernt sitt innlegg under konferansen. Han meinte mellom anna
at det er naudsynt å gripe inn i det han kalla det publiseringsmessige
anarki vi er på veg inn i. Slik sett er vi heldige i Bergen som har
ei framsynt universitetsleiing som tar tak i viktige problemstillingar
rundt elektronisk informasjon. |
|
| Jostein Helland Hauge peikar òg på at biblioteka
har store tekniske utfordringar innan sikkerheit og tilgang på forskingsinformasjon.
— Både forskarane og andre brukarar skal kunne stole på autentisiteten til den informasjonen dei finn på universitetsbiblioteka sine vevsider. Noko eige elektronisk forlag for Universitetet i Bergen trur Helland Hauge likevel ikkje vil verte naudsynt. Kostnadane vil verte for store og marknaden for liten. Dessutan har Universitetsforlaget vist stor vilje til å samarbeide med dei norske universiteta på ulike elektroniske publiseringsnivå. — Likevel vil universiteta ha større høve til å legge til rette for publikasjonar no enn før. Vi vil difor i åra framover sjå ei spanande utvikling der aktørane innan publikasjonsbransjen vil inngå i nye roller, trur Jostein Helland Hauge. |
Prosjektleiar Jostein Helland Hauge trur ikkje det vert aktuelt å skipa eit eige elektronisk forlag ved UiB. FOTO: ØRJAN KARLSEN |
|
|
|