Opne kollegiemøte?
Kollegiet utsatte spørsmålet om opne eller lukka kollegiemøter etter grundig diskusjon om saka. Grunnen til utsetjinga var at rektor la fram tre alternative forslag til vedtak i tillegg til forslaget frå universitetsdirektøren. Det eine forslaget innebar at Kollegiet vedtok at møta var lukka i hovudregelen, men at møta vert opna i nokre
saker som først og fremst omhandlar studentane sine interesser. Dei to andre forslaga var ulike variantar av at møta i hovudregelen vert opne, men med viktige unntak som til dømes strategiske vurderingar og forslag til statsbudsjett, personalsaker som vedrøyrer einskilde personar sine stillingar, saker med teieplikt og orienteringar.

Kvinne- og kjønns-forsking
Kollegiet vedtok å opprette eit eige Senter for kvinne- og kjønnsforsking i tråd med framlegget til universitetsdirektøren. Senteret blir lagt under Det historisk-filosofiske fakultet, og tar opp i seg Senter for humanistiske kvinnestudiar. Det nye senteret får ein vitskapleg toppstilling som leiar. Toppstillinga blir lyst ut ope innan dei aktuelle fagområda.

Parkering utsatt
Parkeringssaka vart utsatt til neste møte i Kollegiet.

Førebur jubileum i år 2000
Bergen Museum har starta førebuinga til 175-årsjubileet i kulturbyåret 2000.
- Eg synes det vil vere naturleg å lage noko om vikingane. Det vil bli forventa av oss, og me kan formidle det via Verdsveven, seier leiar Else Johansen Kleppe på oppfordring til å tenke høgt før det første møtet i jubileumskomiteen.
- Middelalderbyen er eit anna døme på kva Universitetet bør profilere. Bergen er ein av dei få byane på UNESCOs World Heritage List. Dette er noko eg brenn for fordi eg trur at informasjon er det beste vern.
Kleppe vil utfordre komiteen til å tenke ut frå kva som er spesielt for Bergen og Universitetet. Arbeidet bør samlast om ein tre - fire store prosjekt og ei rad arrangement gjennom året. Innan oktober bør planen vere klar. Eit håp er å kunne nytte ein nyopprusta Tårnsal til jubileumsarrangement. Ein annan idé er å lage ei «forstove» til Universitetet i sentrum for å redusere avstanden til byen.
- Tenk om me kunne ha brukt delar av BT-bygget til noko slikt, seier ho.


[Forrige] [Innhold] [Neste]