De unge kan ikkje måle seg med veteranane, seier ein oppglødd publikumar som har følgd dei fire førelesningane under tittelen Con- Amore i samband med Forskingsdagane´96.
- Eg har sjølv jobba i helsevesenet, og det var ein fryd å høyre Bertelsen snakke om grå og grøn stær, seier tilskodaren. Saman med mange andre pensjonister hadde ho funne vegen til Villaveien 9 som var ramme for arrangementet. Fleire av dei frammøtte gledde seg over interiøret i den gamle herskapsvillaen.
- Eg var på førelesnad med professor Knut Fægri for meir enn femti år sidan på Zoologisk museum. Dengang var det ei rekkje førelesningar som vart kalla «Foredrag for hvermann»,, og far min tok meg med, seier ein annan tilskoder som har følgd rekkja av førelesningar.
- Eg var dessutan russ saman med professor Willy Dahl, og det var interessant å høyre han snakke om Bergen i kriminallitteraturen og samstundes mimre litt om gamle dagar, seier tilskodaren.
Også dr. philos Arild Haaland fanga tilhøyrarane med sine tankjerekkjer. Ikkje minst var det stor interesse for det siste byggjeprosjektet til filosofen.
Det er ikkje skadelig for augo å sjå på TV, det er innhaldet som er skadeleg, sa professor Bertelsen.