|
Gruveindustri, oljeboring, søppel og utslepp frå båtar skaper
vanskar for Svalbard-naturen. Det som er spesielt for Svalbard
og andre arktiske strok er at naturleg nedbryting skjer svært
langsomt noko som gjer at konsekvensane av forureining varer
over tid.
No kan nye metodar der ein tek i bruk mikroorganismar og deira
gen hjelpa til å gjenoppretta balansen i naturen. Løyndomen er
å bruka naturen sine eigne forsvarsmekanismar.

På Svalbard kan bakteriane som finst
i jorda hjelpa med å bli kvitt oljesøl. |
Lise Øvreås ved Institutt for mikrobiologi leiar eit nytt prosjekt
på Svalbard, der ein skal studera bakteriar som bryt ned oljesøl.
Ein veit at bakteriar som finst naturleg i jordsmonnet er aktive
i denne prosessen.
Nye molekylær-
biologiske metodar gjer det mogleg å identifisera dei mest aktive
bakteriane og slik hjelpa naturen til å påskunda nedbrytingsprosessen.
Mikrobiologane skal ta prøvar av forureina jordsmonn i Longyearbyen,
Ny Ålesund og Svea og samanlikne dette med jord og sediment fra
område på Svalbard som ikkje er forureina. I kontrollerte forsøk
vil dei tilsetja olje til svalbardjord og sjå på kva effekt det
får for mikrofloraen i jorda.
Ved hjelp av jordprøvene skal dei analysera det mikrobiologiske
mangfaldet. Vigdis Torsvik, professor i mikrobiologi, er også
knytt til Svalbard-prosjektet. Saman med avdøydde professor Jostein
Goksøyr, var ho blant dei første i verda som såg på arvemassen
(DNA) hjå mikroorganismar i jord. Ho fortel at i ein neve jord
er det omlag 10 - 100 milliardar mikroorganismar. Ein har
rekna med at arktiske strøk som regel har mindre biologisk mangfald
enn varmare strøk, men Lise Øvreås sine resultat tyder på at dette
ikkje alltid stemmer.
Jakt på vinnartypar
Prøver tekne på Svalbard tidlegare viste eit relativt
stort mangfald. Dette er viktig fordi mikrobielle samfunn med
høgt mangfald er meir stabile i forhold til ytre påverknad enn
samfunn med lågt mangfald. Dermed er det større sjanse for at
eit samfunn med høgt mangfald kan "reparere" seg sjølv. Oljeforureining
er ein stressfaktor på mikroorganismane i eit miljø, og vi vil
kartleggja korleis dei reagerer på dette.
Det er kjent at nokre gen blir skrudd på og andre blir skrudd
av under somme miljøføresetnader. Gjennom vårt prosjekt skal vi
kartleggja aktiviteten hos bakteriar i skada jord, seier Torsvik
og Øvreås. Ved å studera bakteriar med god appetitt på oljesøl,
og finna ut kva for gen som er skrudd på i forureina jord, kan
forskarane få kunnskap om bakteriane si evne til å få hand om
forureininga - og korleis ein skal få best mogleg nytte av denne
eigenskapen.
Mykje av nedbrytingsvegane for olje er kjent og nokre av gena
forskarane skal leita etter undervegs, er identifisert.
Vi veit at tilsetjing av næringssalt som nitrogen eller
fosfat vil auka oljenedbrytinga. Vi tilset eitt eller begge desse
stoffa og ser kva organismar som gjev respons. På denne måten
håpar vi å finna dei aktive organismane som bryt ned olje. Dersom
ein finn nokre gen som er veldig effektive, kan det vera aktuelt
å setja ut denne vinnartypen.
Forskarane strekar under at dei ikkje skal finne nokon "superbug",
men isolera bakteriar frå det naturlege miljøet og leggja tilhøva
til rette for at dei skal bryta ned oljesøl på ein naturleg måte.
Dette vil dei få til gjennom å dyrka dei effektive bakteriane.
Optimalt sett trengst det gjerne ei heil gruppe som verkar saman,
der den eine er avhengig av den andre, fortel forskarane. Ein
bakterie veks ikkje åleine, den treng sine gode naboar for å veksa
og trivast.
Genmodifisering?
Oppheld UiB-forskarane seg i grenselandet til genmodifisering?
Nei, absolutt ikkje. Dette er svært strengt lovregulert
i Noreg, og vi har ikkje utan vidare lov til å setja ut genmodifiserte
organismar. Dyrking av bakteriar og stimulering av mikrobiell
aktivitet i til dømes forureina område er noko anna. Der går ein
ikkje inn og påverkar den genetiske samansetjinga. Men vi er heller
ikke prinsipielle motstandarar av genmanipulering. Det kan gje
enorme positive vinstar, som sjølvsagt må vegast opp mot dei negative
sidene.
Det er alltid ein teoretisk sjanse for at ting kan gå
gale. Vi har worst case-scenariet med "superbugen" som veks ukontrollert
og slår ut andre nyttige organismar. Genmodifisering er ein prosess
der ein avgjer retninga på evolusjonen og aukar tempoet på den
med tusenvis av år. Men vi ser at genmodifisering kan gje enorme
miljømessige vinstar. Forskarar jobbar til dømes med å utvikla
planter og mikroorganismar som trekkjer til seg tungmetall og
som er effektive i å bryta ned forureining.
Ukjent liv
Forskargruppa ved Institutt for mikrobiologi er involvert i fleire
prosjekt om mikrobiologisk mangfald i ekstreme strøk, og er mellom
anna med i eit nettverk som skal utforska Vostoksjøen i Antarktis,
ein av verdas største innsjøar. I 25 millionar år har denne sjøen
vore dekka av eit fire kilometer tjukt lag med is. Der vonar forskarane
å finna ukjent liv.
Ved hjelp av grunnforsking kan ein finne nye gen og genprodukt
(biomolekyl) som kan nyttast på ulike område. Næringslivet viser
aukande interesse for arktiske strøk. Til dømes er mange typar
industri (vaskemiddel, næringsmiddel osb.) interessert i kuldetilpassa
protein, pigment og andre biomolekyl, seier Lise Øvreås.
Mellom anna er det aktuelt å bruke enzym som er aktive ved låge
temperaturar for å utvikle energisparande rense- og vaskemetodar.
Mykje genforsking er knytta til medisin, næringsmiddelproduksjon
og til effektivisering av landbruk og havbruk. Miljøretta forsking
har ikkje vore eit prioritert område i Noreg. Også internasjonalt
er det lite satsing på miljørelatert forsking.
Det er vanskeleg å få pengar til slike prosjekt, fortel
Lise Øverås. Ho er glad for Fuge-initiativet som kan bety meir
midlar til gen- og bioforsking på miljøet. Mikrobiologane søker
no Nordisk Råd om pengar til å skapa eit nordisk nettverk for
forsking på bakterielt mangfald i arktiske strøk.
Vi håpar at denne grunnforskninga på sikt kan gje kunnskap
og auka forståing for korleis oljenedbryting går føre seg ved
lave temperaturar. Slik kunnskap kan nyttast til å bekjempa oljesøl
i dei svært sårbare arktiske strøka.
|