|
Kuvvet Atakan er av dei som alltid er på jobb. Jordskjelv tek
ikkje omsyn til normal arbeidstid. Då det var jordskjelv på Sotra
8. desember i fjor, vart han ringt ned av media, politiet og vanlege
folk midt på natta. Han blei intervjua framfor TV2-kamera mens
han logga seg på datautstyret heimanfrå for å kartleggje jordskjelvet.

Kuwet Atakan registrerer jordskjelv
frå heile verda på Jordskjelvstajonen ved UiB. |
Gruppa av seismologar ved Institutt
for den faste jords fysikk har fleirfaldige oppgåver. Dei
forskar på jordskjelv, utviklar teknologien kring jordskjelvmålingar
og har informasjons-
oppgåver overfor samfunnet. Jordskjelv-
stasjonen har 23 målestasjonar rundt om på fastlandet, Ny Ålesund,
Bjørnøya og Jan Mayen. Ved Jordskjelvstasjonen i Bergen tikkar
det inn registreringar av rørsler i jorda døgeret rundt. I vår
del av verda er jordskjelva få og svake. Sotraskjelvet kunne ein
tydeleg merka, men det var likevel av det uskuldige slaget. Slik
er det ikkje alle stader i verda.
32 Hiroshima-bomber
I november 1999 var Kuvvet Atakan i fødelandet sitt, Tyrkia,
i samband med det katastrofale skjelvet i august same år. Forskinga
på jordskjelv er i høgste grad global, og seismologar frå mange
land var samla i samband med skjelvet. Då small det på ny. Bygningar
fall som fluger og landskap flytta seg fem meter med ein fart
på fire kilometer i sekundet. Atakan vart bokstaveleg talt skaka.
Ein ting er å forske på jordskjelv frå kontoret, ein annan ting
er å stå midt oppi det.
Du kan studere jordskjelv frå ein vitskapeleg ståstad
på høgt nivå, men ikkje kome i nærleiken av å føle korleis det
er i røynda. Det er først når du står midt oppi det at du kjenner
kva krefter som vert sette i sving under eit jordskjelv og kor
liten eit menneske er, seier Atakan.
Jordskjelvet i Tyrkia i august 99 målte 7,4 på Ricthers skala.
Dette skjelvet forårsaka eit overflatebrot langs ei forkasting
som var 150 kilometer lang og 17 kilometer djup. Skjelvet i november
var litt svakare - 7,1, men eit slikt skjelv er likevel utruleg
kraftig. Ein kan samanlikne styrken på skjelva med Hiroshima-bomba.
Eit jordskjelv på 6,0 svarar til éin Hiroshima-bombe. Eit skjelv
på 7,0 svarar til 32 slike bomber, seier Atakan. Det er i snitt
18 jordskjelv i verda kvart år som ligg på mellom 7.0 og 8.0.

I november 1999 fekk Kuvvet Atakan
eit kraftig skjelv på nært hald medan han var på ein konferanse
om jordskjelv i fødelandet Tyrkia. (Foto: Kuvvet Atakan) |
Hittil i år har det vore to slike på fastlandet, eit i
India og eit i El Salvador. Det har vore totalt seks slike skjelv
i januar og februar, men desse høyrer ikkje vanlege folk om fordi
dei ikkje har vore i område der det bur folk. Dei aller største
jordskjelva har ein magnitude på 9.5 (målt i 1960 i Chile). Slike
jordskjelv er veldig sjeldne, men jordskjelv på 8.0 kjem i snitt
ein gong per år. Dei lagar ei forkasting på over 300 kilometer.
Dei skjer heldigvis som oftast i område der det ikkje bur folk,
som i fjellområde eller i havet.
Spel i jordas indre
Jordskjelv oppstår på grunn av spenningar i jorda.
Når spenningane vert større enn ein bergart kan tole,
skjer det eit brot i bergarten, ei forkasting. Det er eit komplekst
spel i jordas indre som byggjer opp spenningane.
Om ein tar eit tverrsnitt av jorda, finn vi den faste
jordskorpa ytterst og den mjuke mantelen under. Øvst i jorda svever
det store såkalla lithosfære plater. Den største av desse svarar
til Stillehavet og kan vere 100-150 kilometer tjukk. Desse platene
rører på seg heile tida. Nokre platar vert skovne frå kvarandre,
mens andre støtar på kvarandre. Enten kolliderer dei med kvarandre,
eller så vert den eine av platene pressa under den andre. Når
ei plate kjem ned i varmen i mantelen, smeltar ho og dannar nytt
materiale som dukker opp att som vulkanar. Denne prosessen kan
berre observerast i ein geologisk tidsskala, i millionar av år,
seier Atakan.
Det er ikkje tilfeldig at vi har få og svake jordskjelv i Norden,
og at land i Mellom-Amerika ofte blir råka.
Jordskjelva oppstår i dei områda der platene er i kontakt
med kvarandre. Dei fleste jordskjelva skjer rundt heile Stillehavskysten.
Eit anna område er ved Egéerhavet. Noreg ligg langt frå plategrensene.
I tillegg skjer endringane i jorda veldig sakte her. Det er over
100 år mellom kvart jordskjelv som er kraftigare enn 5.5-6.0.
Det siste var i Oslofjorden i 1904, seier Atakan.
Dei fleste jordskjelva oppstår i jordas indre.
Når brotet kjem, vert det utløyst energi i form av seismiske
bølgjer som forplantar seg gjennom lag av bergartar opp til overflata.
Det er desse bølgjene målestasjonane registrerer. Målestasjonane
oppfattar retninga på bølgja og tidspunktet ho treffer målestasjonen.
Målingar av det same skjelvet ved fleire stasjonar gjer det mogleg
å finne ut kvar jordskjelvet var ved hjelp av krysspeiling, forklarar
Atakan.
Det er eit finstilt apparat det er snakk om. Målestasjonen som
ligg under Realfagbygget ved UiB kan til dømes registrera eit
skjelv heilt frå Australia om det er kraftig nok. På grunn av
fast og homogent lag i jordskorpa i Norge, kan lokale skjelv heilt
ned til 2,5 merkast av menneske.
Kartlegg historia
Det var den amerikanske seismologen Charles Ricther som i 1935
utvikla skalaen for å måle styrken på jordskjelva.
I dag vert det brukt ein magnitudeskala som er fysisk
knytta til storleiken av selve brotet på bergartane som vert kalla
'moment magnitude'. Eit seismometer er plassert under jorda og
kopla til ein seismograf som overvåker rørslene i jorda. Tidlegare
rekna seismologane ut manuelt kor jordskjelva inntraff. No har
datamaskiner teke over rekneoppgåvene, seier Atakan.
Det er historiske årsaker til at Jordskjelvstasjonen er plassert
ved UiB. Det er takka vere vitskapsmannen Carl F. Kolderup si
personlege interesse at det første seismometeret i Noreg vart
plassert ved Bergen museum i 1905.
Ei av oppgåvene våre i dag er også å drive historisk jordskjelvforsking.
Før seismografen vart utvikla, samla vitskapsmenn inn lokale skildringar
av jordskjelv. Kolderup var av dei som samla inn slike historier
og gav dei ut i Bergen museum sine årbøker. Med den kunnskapen
vi har i dag, kan vi tolke desse historiene og finne ut om lag
kor kraftige skjelva har vore, seier Atakan.
Det er likevel notidas jordskjelv som er primæroppgåvene for
dei tilsette ved Jordskjelvstasjonen.
Nasjonal oppgåve
Drifta av nettverket har fram til no i heilskap vore støtta
av Oljeindustriens landsforening. Dei har særleg stor nytte av
jordskjelvmålingar på grunn av plattformane i Nordsjøen. Rett
før jul teikna vi ein ny kontrakt for ein periode på sju år. Avtalen
inneber at oljeindustrien sin del av driftsmidlane skal minka
over tid, og at UiB sin del skal auka, seier Atakan.
Ved sidan av nettverket driv vi og forsking på høgt internasjonalt
plan. Vi har nyleg fått tilslag på to nye EU-prosjekt. Prosjekta
går mellom anna ut på å kartleggje aktive forkastinger i område
med tilsynelatande lav seismisk aktivitet og å teste ein metodikk
som vert brukt til å finne ut responsen av sediment til jordskjelvsbølgjer.
Det inneber utvikling av dataprogram og at vi utfører eksperiment
i utvalde område. Vi jobbar heilt uavhengig av politiske og geografiske
grenser. For å kunne gripe inn når det skjer eit skjelv må vi
heile tida liggje i forskingsfronten, seier Atakan.
Han strekar under at oppgåvene med å drive Jordskjelvstasjonen
er sjølvpålagde.
I eit lengre perspektiv er det ønskjeleg at styresmaktene
grip inn og gir støtte til drifta av nettverket. Det er tross
alt ei nasjonal oppgåve å drive jordskjelvmålingar i eit land.
Når noko skjer, krevst det at ein handlar raskt, og at ein har
nok ressursar for handa. Det er ikkje sannsynleg at det kjem katastrofale
jordskjelv i Noreg, men ein kan heller ikkje vere heilt sikker.
Jordskjelv på magnitude 6.0 er ikkje heilt utenkjeleg. Eg spør
ofte meg sjølv om vi på Universitetet og i ulike delar av samfunnet
er budde på eit slikt skjelv. Eg trur ikkje det.
Kan ikkje spå
Det er per dags dato ikkje mogleg å forutsjå jordskjelv.
Eg spør ofte meg sjølv om kva eg som vitskapsmann kan
bidra med. I India døydde nyleg meir enn 20 000 menneske i jordskjelv.
Det er fortvilande at vi ikkje kan vite når det kjem nye jordskjelv.
Men det vi veit, er at fleire jordskjelv kjem med nokonlunde same
tidsmargin i den same forkastinga. I Tyrkia har det vore fleire
jordskjelv i den same forkastinga. Alt tydar på at det vil kome
eit nytt jordskjelv i Istanbul i løpet av dei neste 30 åra. Det
tragiske er at sjølv om befolkninga er klar over dette, så er
det vanskeleg å ta omsyn til det. Med eit enkelt reknestykke kan
vi finne ut at om lag ein million menneske er i risikosona for
det neste skjelvet, seier Atakan.
Det er ei umogleg oppgåve å sikre alle bygningane i Istanbul.
Byggestandarden er bra, men kontrollen er dårleg og vi veit at
politikarar og entrepenørar sluntrar unna. Politikarar tenkjer
i eit perspektiv på fire år. Jordskjelva har eit mykje lengre
perspektiv. Vårt ansvarsområde som vitskapsmenn må ikkje avgrensast
til å få fram forskingsresultat. Vi må aktivt delta i prosessen
med å sette desse resultata ut i livet. Kva er gjort i Istanbul
om 30 år? Neste katastrofale jordskjelv vil vise det.
|