|
Nyskapningen Hammer A/S, som held til på Fysisk institutt, vidareutviklar
forskingsresultat til industri i form av ulike måleinstrument
og måleteknologi.
Vi forhandlar med ein utanlandsk interessent om å selja rettane
til eit måleinstrument som viser nøyaktig nivå av olje, vatn og
gass i separatorar, slik at ein betre kan skilja dei ulike komponentane.
Vi har også store forventningar til ein optisk polarisasjonsmålar,
eit instrument som kan måla små mengder av olje i vatn og kan
nyttast til å måla utslepp frå oljeplattformer. Vi vonar at instrumentet
også skal kunna nyttast i matindustri, til dømes for å måla reinheit
i matolje, fortel forskar Eirik Åbro som er tilsett i Hammer A/S.
Åbro har doktorgrad frå Fysisk institutt i industriell instrumentering.
Symbiose
Utan universitetet kunne ikkje Hammer A/S eksistert.
Teknologien vi utviklar er basert på forskingsresultat.
Idéane blir utvikla i Hammer A/S saman med næringslivet eller
med forskarar ved Fysisk institutt. Utan tilknytinga til instituttet
og miljøet rundt ville det ikkje ha vore mogleg, seier Åbro.
I Noreg har ein lita røynsle med næringsverksemd på universiteta.
Dette ville fysikkprofessor Erling Hammer gjera noko med. Saman
med ForInnova AS starta han for vel eitt år sidan eit aksjeselskap,
leigde lokale på Fysisk Institutt, gjorde avtale om deling av
lab, og om at Hammer A/S skulle bidra med rettleiing av doktor-
og hovudfagsstudentar. Hammer arbeider ikkje sjølv i firmaet,
men er tilsett på Fysisk institutt. Den vesle verksemda lever
no i tett symbiose med instituttet og har 2,5 årsverk. I tillegg
har fleire doktorgrads- og hovudfagsstudentar oppgåver knytta
til prosjekt i firmaet.
Snyltar ikkje
For Fysisk institutt gjev nærleiken til eit firma nærare
kontakt med problema som rører seg i næringslivet. For Hammer
A/S er dette ein føremon fordi ein får nær kontakt med den faglege
utviklinga. Kan hende finst det somme som meiner vi snyltar på
Fysisk institutt og kompetansen deira, det vil eg tilbakevisa
på det sterkaste. Aktiviteten vår vil gje meir eksterne midlar
til instituttet, vi driv med rettleiing og vi finansierer delvis
to doktorgradsstudentar, ein frå Kina og ein frå Romania, som
elles ikkje hadde hatt høve til å ta utdanninga si her, seier
Erling Hammer.
|