|
Saman med fleire av kollegaene sine er han sterkt engasjert i
aust-vest-samarbeid. Nyleg var han til stades på eit møte
i Bulgaria i regi av kjernefysikkdivisjonen i Det europeiske fysikkselskapet
(EPS).
Noko av det viktigaste no er å få til meir
likeverdig samarbeid med fleire besøk frå vest til
aust. Berre gjennom at me frå Vesten er til stades der,
vil dei unge i aust tru på vårt snakk om prioriteringar.
Å oppretthalda eit høgt kjernefysisk kunnskapsnivå
i aust handlar ikkje minst om tryggleik, også vår
tryggleik, understrekar Vaagen.
Atomalderen ligg ikkje bak oss me er såvidt
inne i den. Me verken kan eller vil setja korken i flaska, men
må sjå dei utfordringane og moglegheitene den kjernefysiske
kunnskapen gjev oss, ikkje minst når det gjeld vår
energiframtid.
Kjernefysikkgruppa i Bergen har mange studentar både nasjonale
og internasjonale, og koordinerer ei rekkje nordiske og europeiske
forskingsprogram. Mellom anna det russisk-nordisk-britiske teorisamarbeidet
for studier av grensene for kjernestoffet sin eksistens (RNBT).
Dette teorisamarbeidet er det største i Europa på
feltet og harsentrale russiske kompetansesentra som Dubna som
samarbeidspartnarar.
For kontroversielt
Kjernefysikkgruppa sitt arbeidsområde er å studera
grunnleggjande materie under ekstreme tilhøve, for mellom
anna å forstå det tidlege universet, korleis stjernene
er blitt til og korleis dei brenn. Dette fagfeltet står
sentralt i dagens kjernefysikk med milliardinvesteringar både
i Europa, USA og Japan.
Sjølv om også Universitetet i Oslo er integrert
i samarbeidet, og sjølv om me internasjonalt blir lagt
merke til, har me ingen sentral posisjon i den nasjonale merksemda,
konstaterer Vaagen.
Er kjernefysikk heilt ute?
Namnet kjernefysikk er nok for kontroversielt i Noreg.
Somme vil også hevda at vår tid er over, seier Vaagen,
som sjølvsagt er sterkt usamd i eit slikt syn.
Trass i små ressursar og usentral geografisk plassering
kan Noreg hevda seg internasjonalt særleg i samspel
med andre liknande fagmiljø som også kan levera kunnskap
til tungvektarane på kontinentet.
Hansaånd
EU sitt nye rammeprogram ønskjer å fremja
Europa som eitt vitskapsområde. Dette er for lengst ein
realitet i fysikken, ikkje minst i kjernefysikken. Felleslaboratoriet
CERN i Geneve er eit prominent døme på europeisk
samspel, seier Vaagen.
Dette er også døme på framveksten av Big Science
og endra arbeidsdeling med kontinentale storlaboratorier
og ein geografisk omgivnad av medspelarar og brukarar. Europakartet
over verksemda i kjernefysikk har mange likskapstrekk med Hansaens
sentralaktørar i ein periferi av «faktoriar»
og «kontor», som Bergen var.
Våre bidrag er som før arbeidskraft og læresveinar,
medan leveransane våre i dag heller er kunnskapskapital
enn tørrfisk, seier Vaagen.
Like over påske vart North-West Europe Nuclear Physics
Conference arrangert i Bergen med 125 deltakarar. Konferansen
er komen i stand gjennom eit samarbeid mellom dei fysiske selskapa
i Belgia, Nederland, Storbritannia og Norden. På konferansen
i Bergen var også deltakarar frå Baltikum og Nordvest-Russland
med.
Altså ein moderne variant av periferien i det gamle
hansaveldet. Formålet er nettopp å finna styrken til
omgivnaden i samspelet med dei store kontinentale landa, og å
vera ein arena for å bringa fram framtidige vitskaplege
leiarar i Europa, seier Vaagen.
Med næringslivet på heimebane
Det internasjonale kontaktnettet er ein kapital som også
har knytta kjernefysikkgruppa til Hordaland fylkeskommune sitt
arbeid med internasjonalisering. Medlemer frå gruppa har
i fleire år fungert som rådgjevarar for fylkeskommunen
på dette området.
Me ser ingen konfliktar i å spela både på
utebane og heimebane, seier Vaagen. Han ser heller ingen konflikt
mellom å vera grunnforskarar i den humboldtske tradisjonen
og også interessera seg for teknologi og bruk av teoriane.
Når til dømes den nye superdatamaskina venteleg
kjem på plass ved UiB neste år, reknar Vaagen med
at ein del av kapasiteten kan nyttast av næringslivet i
regionen. Han ser dette som svært viktig for framtida.
Den lokale støtta er vesentleg for at Hansabyen
også i dag skal vera verdig representert på den internasjonale
arenaen på det feltet som UiB sin første rektor,
Bjørn Trumpy, gjorde til sitt eige, sluttar Vaagen.
|