|
Sidan 1992 har eit omfattande Nufu-prosjekt mellom Makerere og
UiB bygd opp kompetanse og kapasitet på realfag ved Makerere.
Nærare 50 studentar har gjennomført mastergrad i
realfag og 15 har teke doktorgrad. Til samanlikning var det nesten
ingen som tok mastergrad ved det ugandiske universitetet og ingen
som tok doktorgrad på heile 80-talet.

Professorane Andreas Steigen og Livingstone
S. Luboobi koordinerer samarbeidet mellom Makerere-universitetet
og Universitetet i Bergen frå kvar si side. |
Vitjar ein campus i 2001 summar det av liv utanfor den kvite
bygningen fra 1937 med dei karakteristiske blå vinduskarmane.
Flørtande ungdommer slentrar langsomt på fortauet, mellom
blomar og frodige hekkar, på veg til eller frå førelesing.
Utviklinga ved Ugandas største universitet har vore enorm.
Studenttalet har auka frå 5000 - 6000 på byrjinga av 1990-talet
til over 20 000 i dag.
«Vi byggjer for framtida» er mottoet til universitetet
som på 1960-talet vart kalla The Harvard of Africa. Makerere var
då eit velordna og velfungerande universitet som var spesielt
sterkt på medisin.
Så kom diktatoren Obote som vart etterfølgd av den berykta
Idi Amin. Universitetet vart rasert og tappa for ressursar. Mange
av dei tilsette vart drepne eller måtte flykta. Borte vart også
alle ikkje statlege organisasjonar og donorar. På 1980-talet,
då landet på ny vart styrt av Obote, mangla Makerere nesten totalt
ressursar og utstyr. I 1986 overtok den noverande presidenten
Museveni og Uganda vende seg meir mot omverda att.
Ubrukeleg
utstyr
Ved eit tilfelle kom
fysikkprofessor ved UiB, Endre Lillethun, til Makerere i 1988.
Han vart sjokkert over den totale mangelen på laboratorieutstyr
på fysikk og kjemi.

Rektor ved Makerere-universitetet,
P.J.M. Ssebuwufu. |
Det som var der, var så øydelagt, og så
mykje var stole at det som var att like gjerne kunne sopast vekk
og kastast, seier Lillethun.
Noko måtte kunna gjerast med dette, meinte Lillethun. I
1991 fekk han napp hjå det nystarta Nufu som løyva
midlar til eit program for basale realfag. Fysikk, kjemi, «science
education», matematikk og biologi vart satsingsområda,
og prosjektet var organisert som eit samarbeid mellom UiB og Makerere.
Professor P.J.M. Ssebuwufu har vore rektor ved Makerere i ni
år. Han fortel at turbulensen på 1970 og 1980-talet
gjorde at universitetet mista mange av dei kvalifiserte lærekreftene
sine.
Nufu kom til rett tid, på eit svært kritisk
tidspunkt. Før 1991 var alt svært tungvint, og få
stipend var tilgjengelege. I tillegg kom det at Det naturvitskaplege
fakultetet (Faculty of Science), i motsetnad til fakulteta for
medisin og landbruk, ikkje trekte til seg gjevarar. No har vi
fått bygd opp undervisningskapasitet og kompetanse, seier
Ssebuwufu. Han vonar at det i neste fase av prosjektet vil verta
meir forskningssamarbeid, fordi Makerere no har meir å bidra
med.
«Sandwich-modellen»
Utdanning av Master
og doktorgradsstudentar på Nufu-programmet har gått
føre seg via «sandwich-modellen». I praksis
tyder dette at studentar frå Makerere har kome til Bergen
for kontakt med rettleiarar samt for å læra bruk av
bibliotek, internett osb, men at dei har fått så mykje
som mogleg av undervisninga på Makerere. Dei siste åra
har det i stadig mindre grad vore naudsynt å gje denne opplæringa
til masterstudentar frå Makerere fordi universitetet i Uganda
sjølv har blitt i stand til å utføra desse
oppgåvene.
Professor Livingstone S. Luboobi, som er dekanus ved Det naturvitskaplege
fakultetet og koordinator for samarbeidet med UiB ved Makerere,
meiner ein viktig del ved Nufu-programmet er at studentane blir
utdanna i Uganda.
Sandwich-programmet gjev våre studentar eit høve
til å erfara eit anna land, ein annan kultur og ein annan
institusjon, samstundes som vi ikkje misser dei etter at dei er
ferdig utdanna. I tillegg blir også desse studentane dei
framtidige koordinatorane for samarbeidet med til dømes
Universitetet i Bergen, seier Luboobi. Han meiner ein anna føremon
med Nufu er at pengene går direkte til universitetet. Det
betyr mindre administrasjon enn om dei skulle fått pengane
via forvaltninga.
Gode relasjonar
Både Luboobi og Ssebuwufu meiner samarbeidet med nordmennene
har vore ei positiv erfaring.
Vi ler av dei same tinga, humor bringer ut det beste i
folk. Eg vil gjerne streka under at dette er noko anna enn å
ta i mot pengar frå ein donor. Vi er heilt jamstelte i denne
relasjonen. Alle her er overgitt over dette samarbeidet, over
kor godt det fungerer. Eit av dei viktigaste momenta i samarbeidet
er at vi planlegg saman, slik at vi kan peika ut område
vi meiner det bør satsast på, seier Ssebuwufu som
meiner dei norske samarbeidspartnarane har eit nyansert bilete
av Afrika.
Media skriv berre om det negative, folk tenkjer ikkje
på at det er noko som er bra. Eg trur hovudårsaka
til det gode samarbeidet vi har med Noreg og Universitetet i Bergen
er at dei ser dei verkelege problema i Afrika. Samarbeidet har
gjeve oss tru på oss sjølve og vore ein katalysator
for den støtta vi i dag mottek frå ei rad donorar,
seier rektoren.
Makerere har fått eit godt omdøme og trekkjer til
seg ei rekkje utanlandske samarbeidspartnarar og gjevarar. Norad
er tungt inne med over 100 millionar kroner over fem år.
Rockefeller Foundation, Carnegie Cooperation og svenske Sida er
andre eksempel på organisasjonar som er representert ved
Makerere.
Meir enn ein festtale
Andreas Steigen har
vore koordinator for den norske delen av samarbeidet sidan 1998,
etter at Endre Lilletun vart pensjonert. Steigen framhevar dei
gode relasjonane som nøkkelen til suksessen for samarbeidet.

Vi likar å høyra på
popmusikk og vera saman med venene våre, seier dese
unge jentene som studerer på Faculty of sosial science. |
Mitt inntrykk er at det heile tida har vore eit godt samarbeidsklima.
Nufu har som utgongspunkt at ein skal skapa samarbeid på
like vilkår. Dette kan sjåast som eit festtaleutsagn,
men her har eg inntrykk av at det er nettopp det ein har greidd
å få til, seier Steigen. Eit godt døme på
dette er den ugandiske doktorgradsstudenten i fysikk som hadde
idéen til eit måleinstrument for olje som det no
er teke patent på.
Vil ha fleire realistar
Som i dei fleste land manglar ein også i Uganda realistar.
For å byggja ein teknologisk plattform for landet vil regjeringa
styrkja realfaga i skulen, som nyleg er blitt obligatorisk. Gode
hovud som kan byggja opp infrastrukturen og bidra til industribygging
trengst.
Uganda er midt i ein moderniseringsprosess og på campus
ringjer mobiltelefonane. Dei fleste tilhøyrer ungdommar
med europeisk klesstil. Håret skal vera glatt, og parykkindustrien
tjener gode pengar på at krus er for dei som ikkje følgjer
moten. I avisene diskuterer ein om unge jenter bør vera
ute seint om kvelden og drikka øl. Tidene endrar seg. For
raskt, meiner nokon, men telefonane ringjer og på internettkaféen
spelar dei engelsk popmusikk. Framtida kjem uansett.
|