|
The Global Alliance for Vaccines and Immunization (Gavi) er en
stor internasjonal fellesorganisasjon som etter initiativ fra
blant andre Bill Gates ble etablert for å bidra til innkjøp
av eksisterende vaksiner og utvikling av nye globalt viktige vaksiner.
Professor Rune Nilsen er optimist
når det gjeld å få auka løyvingar
til utviklingsrelatert forsking og utdanning. |
Det seier Rune Nilsen, professor ved Senter for internasjonal
helse ved UiB og leiar for styret i Nufu (Nasjonal utval for utviklingsrelatert
forsking og utdanning).
Ein peikepinn om potensialet for utviklingsforskinga i
Noreg no, er at det er kome inn prosjektsøknader til neste
periode i Nufu-programmet for nær ein milliard kroner. Me
har 250 millionar kroner å dela ut.
Kva er dei største utfordringane for UiB på
dette feltet?
Utfordringa er å halda fram med det UiB har gjort til
no; at alle delar av universitetet har globale perspektiv, og
at det ikkje berre er den rike verda me har forskings- og utdanningansvar
for.
Er du optimist eller pessimist når det gjeld dette?
Eg er optimist. Eg trur på større legitimitet og
større løyvingar. Grunnen er mellom anna Utanriksdepartementet
sin nye strategi. I den ligg ei ny forståing for at det er avgjerande
at universiteta er til stades i utviklingslanda, seier Nilsen.
Han legg til at Norad no også erkjenner at universiteta spelar
sentrale roller og i seinare tid har også Kyrkje-, utdannings-
og forskingsdepartementet sagt at globale perspektiv er viktige
for norsk forsking og utdanning.
For oss er det viktig å ha globale perspektiv på den ordinære
verksemda ved universitet og høgskular. Likeverdig partnerskap
mellom institusjonar i nord og sør er eit element i dette,
understrekar Rune Nilsen.
Sidan oppstarten i 1991 er det løyvt 475 millionar kroner
til oppbygging av forsking og forskingskompetanse gjennom Nufu.
UiB har i dei to føregåande periodane brukt 74 og 87 millionar
kroner til Nufu-støtta samarbeidsprosjekt.
I perioden frå 1996-2000 deltok UiB i heile 27 av i alt 99 Nufu-program.
Helse og medisin har vore det største fagområdet, men også
andre fagområde som naturfag, pedagogikk og samfunnsfag har vore
aktive.
Til neste periode som startar i 2002 har det kome inn over 40
søknader frå UiB, og fleire enn 10 berre til Uganda.
|