|
Stipendiat Tor Strand ved Senter for internasjonal helse har
nyleg vore to og eit halvt år i Nepal for å undersøkje
om sinktilskot har nokon verknad på diaré. Dette
prosjektet, og andre internasjonale studier om sink, har vist
så gode resultat at sinktilskot kan bli ein vanleg måte
å behandle diaré på over heile verda.
Alvorleg helseproblem
Sjølv om Strand enno ikkje er ferdig med doktoravhandlinga
si, har forskinga fått stor internasjonal merksemd. Nyleg
vart han innkalt av WHO til eit forskartreff i India der internasjonale
sinkforskarar gjekk saman om å rå WHO til å
bruke tilskot av sink i si rutinebehandling av diaré hjå
barn i utviklingsland.
Det som står igjen no, er detaljar om dosering
samt kva for land og aldersgrupper som skal inkluderast. Ei av
oppgåvene for WHO er å tilrå verdas land korleis
sjukdommar skal behandlast. Dei ønskjer no å få
behandling med sink inn i sine tilråingar, seier Strand.
Sett bort frå spesielle typar diaré som dysenteri
og kolera, finst det ingen medisin som forkortar sjukdomsperioden.
For å unngå akutt uttørking har WHO
i ei årrekkje tilrådd å gi såkalla oral
rehydreringsvæske ved diaré. Dette hindrar at den
sjuke tørkar ut. Det viser seg at 50 prosent av alle barn
som døyr av diaré, døyr av langvarig svekking,
underernæring og av andre infeksjonar dei dreg på
seg fordi episoda blir langvarig, seier Strand.
Kvart år døyr det mellom to og fire millionar barn
av diaré. Meir enn 95 prosent av desse bur i u-land. Eit
av dei hardt ramma landa er Nepal. Forskingskoordinator Halvor
Sommerfelt starta å forske på diaré i samarbeid
med forskarar i India. Sidan kom også Nepal med i undersøkingane.
Sommerfelt og Strand trur at barn i India og Nepal får i
seg for lite sink, og har i samarbeid med indiske og nepalske
forskarar funne at dette er ei viktig årsak til at sjukdommen
kan bli langvarig.
Barna kjem fort inn i ein vond sirkel. Dei fleste får
i utgangspunktet i seg for lite sink, og misser i tillegg viktige
næringsstoff som nettopp sink i avføringa når
dei får diaré. På den måten vert dei
berre sjukare og sjukare, seier Strand.
Styrkar immunforsvaret
Ulikt til dømes meslingar og tuberkulose, som kjem
frå éin bakterie eller eit virus, er diaré
ein sjukdom som vert forårsaka av mange ulike mikroorganismar.
Difor er det vanskeleg å finne ein vaksine mot diaré.
Tilskot av sink går rett på personen si evne til å
takle sjukdomen, seier Strand.
Sink finst naturleg i kjøtt, mjølkeprodukt og korn.
Dette er matvarer som mange i utviklingsland et lite av.
Sink er nødvendig for celledelinga, som er ein
kontinuerleg prosess i mennesket. Celledelinga er mellom anna
nødvendig for at immunsystemet skal fungera normalt, for
at vi skal vekse og for at huden og slimhinnene skal kunne fungera
som barriere mot infeksjonar. Ekstremt lite sink kan i seg sjølv
gje diaré. Det kan óg gje forandringar i huda og
minka vekst, seier Strand.
Frå klinikken i Bhaktapur ga
Tor Strand pasientane i undersøkinga anten sink eller
juksemedisin på kvite plastflasker. |
Viss immun-
systemet ikkje fungerer bra nok, greier ikkje kroppen å
mobilisere dei kvite blodlekamane som lækjer sår.
Det er lett å få bakteriar inn gjennom åpne
sår og slimhinner. Når bakteriane kjem inn i ein person
med sinkmangel, er ikkje immunsystemet sterkt nok til å
ta knekken på dei.
Men behandling med sink verkar kanskje ikkje berre på folk
som har lågt sinknivå.
Sink kan styrkje immunsystemet. Forsøk frå
USA viser at det også hjelper på folk som er forkjølte,
seier Strand.
Grundig undersøking
1800 barn var med i undersøkinga i Nepal.
For å få haldbare resultat, delte vi barna
inn i fire grupper. Ei gruppe fekk placebo (juksemedisin), ei
anna gruppe fekk sink og ei tredje gruppe fekk sink pluss vitamin
A. Den fjerde gruppa fekk òg sink, men her ga mødrene
sjølv barna sine sink. Dette var for å undersøkje
om sink verka like bra når mødrene sjølve
ga medisinen, som når trente feltarbeidarar ga han, seier
Strand.
Dei kvite plastflaskane med sink/juksemedisin var stempla med
eit nummer, og ingen i gruppa visste kva som var ekte sink. Det
vart halde hemmeleg i ein datasentral i København.
For å gjere undersøkinga best mogleg, var det eit
stort apparat i sving. Undersøkinga vart styrt frå
universitetet i Katmandu.
Vi hadde bortimot 40 ansatte i Nepal. Dette var mellom
anna legar, andre helsearbeidarar og dataoperatørar. Ei
gruppe gjekk heim til ungane kvar dag og putta medisinen i munnen
på dei. Ei anna gruppe gjekk til heimane kvar femte dag
for å undersøkje barna og spørre om sjukdom
og diaré for kvar av dei fem siste dagane. I tillegg til
desse gruppene hadde vi eit kontrollteam som på tilfeldig
utvalde dagar sjekka at dei andre hadde gjort jobben sin riktig.
Vi intervjua mødrene om forløpet av sjukdomen og
på sjukehusa vart det teke blodprøver og gjort laboratorieanalysar,
seier Strand.
Kvar unge fekk ein kur som varte ei veke etter at diaréepisoda
var over og vart følgd opp ein månad seinare. Vi
undersøkte ungar i alderen seks månader til 35 månader.
Resultata av undersøkinga peiker klårt i same retning:
Sink gjer at ein vert fortare frisk frå diaré. Dette
er bra for om sjukdommen varer lenge, aukar det faren for
å døy. Dei einaste biverknadene med å gje sink
er at dei små ungane kan gulpe det opp. Men om vi deler
opp dosane i mindre bitar, kan vi styre unna dette, seier Strand.
For billeg?
Han strekar under at sink er billeg og lett å bruke.
Det er sjølvsagt bra at medisinen er billeg, men
det kan paradoksalt nok hindre at han spreier seg. Legar i Nepal
er like påverka av legemiddelindustrien som norske legar.
Det er lite pengar å tene på sink, og ein har gjerne
større tru på dyr medisin, hevdar Strand.
I fjor gjorde ein medisinstudent i Bergen, Berit Sofie
Hembre, ei undersøking om kva legar i Nepal gir til barn
med diaré. Det viste seg at det var for mykje antibiotika
i bruk, som sjeldan verkar mot diaré, og som kan auke motstanden
mot antibiotika. Sink er difor eit kjærkome alternativ til
legar. Vi har god dokumentasjon på at den verkar, sluttar
Strand.
|