Nr 4 - 2001


Articles
in English

Les om:
Natur
Helse
Språk / Kultur
Samfunn
Kommentar/
politikk

Universitetet i Bergen sine hovedsatsings-
områder er
marin forskning og utviklings-
forskning

Redaksjon

 

300 deltakarar frå 64 land deltok nyleg på den internasjonale vasskonferansen i Bergen. Der møttest historikarar og lingvistar, realistar, samfunnsvitarar, ingeniørar og juristar som alle studerer kva for rolle vatnet har i historia og utviklinga. Tilhøvet mellom menneske og vatn, den grunnleggjande ressursen i alle samfunn, vart drøfta med utgsangspunkt i ei rekkje konkrete forskningsresultat.

I denne utgåva av UiB-magasinet kan du få smakebitar på noko av denne forskinga; frå døderituale ved dei heilage elvane i India og Nepal, via forureining av vatnet i Victoriasjøen – til eit vass- og miljøprosjekt for norske skuleborn.

Organisasjonen International Water History Association (Iwha) vart formelt skipa under konferansen, og sekretariatet lagt til Senter for utviklingsstudier ved Universitetet i Bergen. Eit heilt nytt nettverk for vatn og etikk med utgangspunkt i Norden og Baltikum såg også dagens lys i Bergen. Det gjekk føre seg i regi av Unesco-organet World Commission on the Ethics of Science Knowledge and Technology (Comest). Også dette sekretariatet vart lagt til UiB.

Les mer her.

 
Ansvarlig redaktør: Morten Steffensen