Nr 4 - 2001

Les om:
Natur
Helse
Språk / Kultur
Samfunn
Kommentar/
politikk

Universitetet i Bergen sine hovedsatsings- områder er
marin forskning og utviklings-
forskning

Redaksjon

 

 

Forskar på effekten av CO2 i havet

Forskar på effekten av CO² i havet Nivået av CO2 i havet vil truleg verta dobla i dette hundreåret. Ingrid Zondervan og Ulf Riebesell frå Alfred Wegner instituttet i Tyskland er i Bergen for å finna ut kva konsekvensar dette kan få for livet under vatn.

Tekst: Anette W. Petersen    Foto: Odd Mehus

– Effekten av CO2 på biologien i vatn er eit understudert område. Vi veit at auka CO2-utslepp har stor effekt på klimaet. No vil vi vita om dette også er tilfelle for marine organismar, seier marinbiologane Ingrid Zondervan og Ulf Riebesell som er i Noreg for første gong.

Saman med forskarar frå Belgia og Frankrike heldt dei i heile juni på med eit omfattande forsøk i sjøen utanfor feltstasjonen på Estegrend. Kvar dag drog forskarane ut med båt for å gjera målingar i store behaldarar i sjøen. Målet er å kartlegga effekten av auka CO2-utslepp på produksjonen av planteplankton.

– Vi vil også finna ut om CO2-metta sjø tek opp meir eller mindre CO2 enn sjø med eit lavare CO2-nivå, seier Ulf Riebesell. Han fortel at dersom vi held fram med å sleppa ut like mykje klimagassar, vil CO2-konsentrasjonen i havet verta dobla i 2100.

Koordinert frå Tyskland.

Effekten av auka konsentrasjon av CO2 på veksten av planteplankton vert målt gjennom å samanlikna tre ulike målenivå; førindustriell tid, notida og venta nivå i år 2100.

– På førehand veit vi ikkje om skilnad i CO2-nivå påverkar organismane i havet. Vi er særleg interesserte i ein kalkflaggelat, ein alge med små kalkskjell kalt Emiliania Huxley, fortel Ingrid Zondervan som strekar under at dette er eit pilotforsøk.

– Aldri før har vi testa effekten av CO2-konsentrasjonen på heile det planktoniske samfunnet i sjøvatn. Med desse dataa kan vi sjekka om det vi har funne ut i laboratoriet stemmer, seier ho.

Kald sommar inga hindring

At den norske sommaren er kald, gjer ingenting, seier forskarane når frisk nordavind bles bort skyene over Espegrend og lagar bølgjer på vegen ut til målestasjonen.

– Anlegget her er eineståande, det fins ingenting samanliknbart i Europa. Skjærgarden gjer at det er verna mot vér og vind, dessutan har det svært gode fasilitetar, med utmerka utstyr og ekspertise, seier Ingrid Zondervan.

– Dette er ein av dei mest populære fasilitetane, stadfestar førsteamanuensis ved Institutt for fiskeri- og marinbiologi, Jorun K. Egge. Ho trur ein av hovudgrunnane til det er at eksperimenta ein gjer i Espegrend, er svært kostnadseffektive.

– Ein slepp å transportera så mykje, her ute har ein alt ein treng på ein stad, seier Egge som også nemner fordelen med å vera i ein fjord, der ein ikkje risikerer at heile forsøket bles vekk.

 

 

Fakta:

Innanfor EU sitt 5. rammeprogram finst programmet "Improving Human Potential: Transnational access to RI". RI er forkortinga for European Research Infrastructure som finansierer tilgong til særskilt gode forskningsfasiliteter i Europa. Tidligare var nemninga Large Scale Facility.

Fornya EU-støtte til marint fagmiljø

Bergen Marine har for fjerde gong fått støtte frå EU. Med dette kan dei tilby infrastruktur for marine forskarar frå andre europeiske land ut 2003.

Bergen Marine Pelagic Food Chain Research Infrastructure er eit lite forskningsprogram for europeiske prosjekt som nyttar marine installasjoner ved UiB og Havforskningsinstituttet. Dette vert støtta økonomisk frå EU. Bergen Marine har hatt status som"European research infrastructure" sidan 1996 (tidligare "Large Scale Facility")

98 forsknings-
prosjekt

I overkant av 90 kortvarige forskningsprosjekt har nytta dei ulike fasilitetane ved UiB og Havforskningsinstituttet i desse åra. Dei har kome frå over 60 institusjonar i 16 land. Forskninga er tverrfagleg, og alt som har ei marin forankring kan koma inn under programmet. Infrastrukturen dekkjer alt ifrå eksperimentelle laboratorier til naturlege miljø i havet.

– Programmet er svært lite byråkratisk. Det er tre faste søknadsfristar i året og prosjekta blir evaluerte av eit internasjonalt panel som vert koordinert direkte frå Bergen. Frå ein søkjer til ein får svar, går det kun ein månad slik at prosjektet kan bli starta nokre få veker seinare, fortel koordinator for prosjektet, Clelia Booman.

Tekst: Hilde Kvalvaag Bang

Copyright © 2001-2002 Universitetet i Bergen  Ansvarlig redaktør: Morten Steffensen Kontaktredakjsonen