|
Michael Calder frå Stavanger vann førsteprisen i den norske
konkurransen for unge forskarar mellom 15 - 21 år med ei oppgåve
i fysikk.
|
Michael Calder deltek i den internasjonale konkurransen
for unge forskararar med ei oppgåve om hulromsresonans.
Dette er lyden ein får til dømes ved å
blåsa i tuten på flasker.
|
Mange trur at berre fysikk blir veldig tørt, sjølv om
Fysikkens dag var ganske interessant. Trenden er at ingen vågar
å ta rein fysikk, seier Michael Calder. I tillegg til fysikk er
han også svært interessert i data og matematikk.
Eg har høyrt veldig lite om universitetet. Truleg kjem
eg til å ta ei lang utdanning og eg tenkjer på sivilingeniørstudiet.
Eg vil nok ha med fysikk i utdanninga mi, men eg er redd for å
satsa kun på det. Når ein skal velja studium, ser ein mykje etter
løn for å betala ned studiegjeld, seier Calder som stadfestar
at ungdom er opptekne av karriere og status. Mange i klassen hans
har planar om å studera ved NTNU. Calder vil gjerne studera i
utlandet, men har ikkje heilt bestemt retninga.
Eg vil gjerne ha opplevingar medan eg studerer. Det er
også ein av grunnane til at eg valde å gå på International Baccalaureate.
I konkurransen i Bergen deltek Calder med hovudoppgåva han skreiv
på IB-linja på St. Olav vidaregående skule i Stavanger.
Vi kunne velja heilt fritt kva fag vi skulle skriva oppgåva
i. Interessa for fysikk i klassen var stor og mange valde difor
dette faget. Det skuldast ikkje minst at læraren vår var svært
engasjert i fysikk og brukte fritida si på å læra bort faget,
seier Calder. Han meiner lærarane har eit ganske stort ansvar
når dei lærer frå seg fysikk.
Dei må gjera det på ein slik måte at elevane blir interesserte.
Mange trur det er altfor mykje matte i fysikk, seier Michael Calder
som sjølv gjerne vil kombinera desse. Kven som får han som student,
er enno ikkje bestemt, for først skal 19-åringen gjera unna militæret.
|