|
Norske elevar er mindre interesserte i naturfag enn andre, særleg
gjeld dette norske jenter. Noreg har minst naturfag på skulen
og norske politikarar satsar minst for å betra rekrutteringa.
Årsakene til dette er mange og til dels kompliserte. Den omfattande
internasjonale undersøkinga SAS - Science and Scientists, gjev
kanskje nokre svar på kvifor universiteta slit med rekruttering
til forsking.
Nær 10 000 elever på 13 år frå 21 land er intervjua. Her kjem
det fram at norske born er mindre interesserte i naturfag enn
born i andre land det er naturleg å samanlikna seg med. Til dømes
fins det knapt jenter i Noreg som vil driva med fysikk. Kun 0,6
prosent svarar at dei kan tenka seg dette faget, medan seks prosent
av gutane er interesserte i fysikk. Born i u-land er derimot svært
interesserte i å få læra om det meste, og jenter er gjerne meir
interesserte enn gutar, men har ofte mindre høve til å få utdanning.
Verst i Noreg
Om det er gale hjå dei andre, er det altså verst i Noreg. Ikkje
berre er vi minst interessert i å læra om naturfag, vi har også
(ifølge OECD-rapporten Education at Glance 1999) færrast naturfagtimar
i grunnskulen, og jentene i likestillingslandet Noreg har altså
langt på veg fordufta frå lesesalane på naturfaga.
Medvitet rundt problemet er aukande. Ord som krise, katastrofalt,
problem er hyppig brukt. Professor i naturfagdidaktikk ved Universitetet
i Oslo og professor II i fysikk ved UiB, Svein Sjøberg som har
leia SAS-undersøkinga har engasjert seg sterkt for å betra rekrutteringa
til realfag. Han peikar på fleire faktorar som er medverkande
til den låge interessa. Verstingen, hevdar professoren, er lærarutdanninga.
Då meiner eg systemet, ikke dei som jobbar der. Det er
rett og slett utruleg at ein i norsk 10-årig skule kan undervisa
i fag som ein systematisk har unngått i heile skulegongen sin.
Pengar og økonomi spelar også ei viktig rolle, trur Sjøberg.
Vi er nok bortskjemde med oljepengar, og det er hard kamp
om merksemda til dei unge. Dei vil gjerne ha kjappe, lette og
fancy karrierer. Då blir dei tunge realfaga ein omveg, seier Sjøberg
som trass i dei bleike utsiktene ønskjer å nyansera biletet av
Noreg som ei ´sinke` i naturfagsamanheng.
Kunnskapstestar viser at vi er svake i grunnskulen, men
bra i videregåande skule. Den generelle interessa for naturfag
er til stades hjå folk, men i avisredaksjonane finst det nesten
ingen kompetanse innan realfag og heller ikkje noko stoff.
Den galne egoisten
Eit tankevekkjande funn i Sjøberg si undersøking er forskaren
sitt omdøme hjå dei unge. Mange born frå dei rike vestlege landa
tenkjer seg forskarar som egoistiske og litt galne. Mange meiner
at dei finn opp atombomber, lagar forureining og gjer smertefulle
forsøk med dyr. Berre eit fåtal skriv at dei er hjelpsame, snille
og bidreg til samfunnet. Born i fattige land, på si side oppfattar
forskarar som ein slags ideal og heltar.
Medan problemet er størst i Noreg, er det også her minst blir
gjort for å bøta på den negative tendensen. I Sverige og Finland,
der interessa for naturfag er større, har dei i fleire år halde
på med program for å auka interessa. I Noreg er det no sett ned
eit utval, det såkalla Renateprosjektet, der to personar på NTNU
skal leggja ein plan for å betra rekrutteringa.
KUF er endå ikkje skikkeleg på banen, seier Sjøberg som
kallar Renate-satsinga ein vits. Han meiner dei to tilsette ser
ut til å ha som hovudmål å samla inn pengar frå sponsorar og at
dette viser tydeleg kva haldning norske myndigheiter har til problemet.
Anti-intellektualismen
Kan ei mogleg forklaring på norske haldningar til utdanning skuldast
dei som har styrt landet?
Det har vore ein solid tradisjon i arbeidarrørsla mot
intellektualisme. Høg utdanning vart assosiert med eliten, eksempelvis
assosierte Einar Gerhardsen og Martin Tranmæl akademikarar med
embetsmannsstaten. Men biletet er ikkje eintydig. Nokre av dei
mest markante Ap-politikarane har vore akademikarar. Likevel lever
aspektet med at elitisme skal dempast ned, vidare i arbeidarrørsla,
seier den kjende sosialantropologen Arne Martin Klausen som mellom
anna har forfatta boka Den norske væremåten.
Han meiner den norske likskapstanken har prega haldninga til
høgare utdanning. Askeladden-rolla derimot, er norsk og akseptert.
Den som har klart seg godt fordi han tilfeldigvis har
vore heldig, er den norske helten. Lotto-millionæren kan vi lika,
eller ein Røkke som går motstrøms, det likar nordmenn.
Men han trur den viktigste årsaka til at mange unge vender ryggen
til universitetssystemet, er at moderniseringssprosessar gjer
at det tradisjonelle universitetet og forskinga ikkje verkar like
attraktivt.
No er marknaden styringsprinsipp, og individet vert dyrka.
Folk med moderne livshaldningar søkjer andre vegar. Dei vil ha
status, karriere og pengar; The American Way of Life er framleis
den sterkaste, men vi ser i aukande grad at moderniteten er fullt
mogleg å kopla til ulike ideologiar. Men hippie-elementet er også
sterkt til stades og ein ser mange som vel annleis, strekar Klausen
under.
Anti-intellektualismen til Arbeidarpartiet skil seg vesentleg
frå dei som vel bort ein akademisk veg i dag. Dei gjer det ikkje
fordi dei dyrkar likskapen. Noreg som nasjon er på veg frå tradisjonalisme
til det moderne, utan at dette kan setjast direkte i samband med
at det er liten søknad til universiteta. Det som blir verdsett
er det som kan målast, og sjølv om moderniteten er prega av mindre
anti-intellektualisme spørs det om ikkje universitetssystemet
i si gamle form er truga. Sentralt i moderniteten er å overskrida
grenser. Moderniteten sine førande prinsipp er hurtigare, fortare,
sterkare, dette er ikkje alltid forenlig med måten eit universitet
blir dreve, påpeikar Klausen.
Forsking i grunnskulen
Skulen har generelt ikkje ressursar eller tid til å stimulera
interessa for forsking, sjølv om det fins eldsjeler blant lærarane
som brukar mykje tid, og også fritid, på å gje kunnskap til elevane
seier Anders Grønli. Han er tidlegere leiar av Forbundet unge
forskarar og ansvarleg for EU-konkurransen for unge forskarar
i Bergen 15.-22. september.
Han hevdar dei mest læreviljuge elevane ikkje blir tatt godt
nok vare på. Sjølv var han ein slik kunnskapssugen elev som ikkje
fann nok stimulans på skulen og difor gjekk på førelesingar på
Blindern som 16-åring.
Han fortel at mykje av det dei får inn til konkurransen for unge
forskarar held høg kvalitet. Deltakarane som når høgast, er primært
elevar frå dei internasjonale linjene eller private skular. Dette
trur han skuldast meir trening i prosjektarbeid der. Grønlie meiner
mykje kan gjerast for å stimulera ungdom si interesse, men at
vi manglar ein kultur for naturfag.
I Sverige har dei ein helt annen kultur for desse faga.
Der vel 31 prosent av universitetsstudentar realfag, i Noreg er
det til samanlikning 18 prosent, påpeikar Anders Grønli.
Universitetet er ei vare
Dei norske universiteta har dei siste åra hatt ein markert nedgang
i søkjartala. Tala for i år viser at den negative trenden kan
vera i ferd med å snu. Universitetet i Bergen har det siste året
satsa ekstra på å møta elevar i vidaregåande skule for å få fleire
søkjarar. Det er også sett i gang tiltak for å gjera undervisininga
betre og meir moderne.
Vi har eit problem, men eg er motstandar av å overtyda
folk om at dei skal byrja på universitetet. Folk skal ikkje overtydast,
dei skal ha lyst, seier prorektor for utdanning ved Universitetet
i Bergen, Leiv K. Sydnes.
Poenget er ikkje å ha flest mogleg studentar, men at dei
vi har er gode og motiverte. Det vi må gjera er å visa verdien
av å driva forsking. Samfunnet treng forskarar, og fleire forskarar
kan ein berre få ved å satsa over heile utdanningslinja. Det tyder
at universitetet må engasjera seg mot skulen. Vi må vera på lag
med læraren, seier Sydnes som meiner universitetet er blitt ei
vare, som andre varer i samfunnet.
Når ein aktivitet blir alminneleggjort, blir institusjonen
alminneleggjort. Det å vera fagperson har ikkje den statusen som
det hadde. Då blir det endå viktigare enn før å fokusera på det
som er unikt ved universitetet, seier Sydnes.
Eg saknar at ein ser betydninga av å ha norske fagfolk
på høgt nivå. Politikarane er i mange tilfelle ikkje klar over
kva som krevst av ressursar for å ha utdanning på høgt nivå, seier
prorektoren som framheld at det norske samfunnet somme tider framstår
som ei vulgarisert utgåve av USA.
Ein mann som Røkke blir feira i beste American Dream tradisjon,
men skilnaden mellom Noreg og USA er at i USA veit dei også å
verdsetja utdanning og klarar såleis å leva med ein annan dualisme
enn det vi gjer.

|