|
Forureining av drikkevatn i Kampala er eit klassisk døme
på korleis det går når dei ulike delane i eit system ikkje tek
omsyn til kvarandre. Dette seier Petter Larsson, professor i zoologi
ved Universitetet i Bergen. Han har i fleire år halde på med eit
prosjekt om vatn i natur og samfunn i den afrikanske millionbyen.

Myrene i Kampala, som har fungert som
eit slags reinseanlegg for byen, vert i stadig større
grad bygd ut.
Foto: Petter Larsson |
Treng utvikling
Skal ein leita etter årsaker til dårleg drikkevatn, kan ein finna
nokre i globalisering og urbanisering. Myndigheitene i Uganda
vil at industri og næringsliv skal etablera seg i byen, men dei
einaste tomtene er på våtmarkene som ligg mellom åsane som utgjer
byen. Dette skjer samstundes med at mange frå landsbygda strøymer
til storbyen for å søkja lukka der. Nyinnflyttarane buset seg
også på våtmarkene. Til no har markene fungert som eit naturleg
reinsefilter for forureina vatn som er på veg ned i Victoriasjøen.
Berre sju prosent av kloakken frå Kampala går gjennom reinseanlegg,
resten tek markene seg av.
I stadig større grad må ein i Kampala ta i bruk tomteland
som eigentleg ikkje er eigna. Byen treng investering, og dei fattige
treng ein stad å bu. Uganda har eit av verdas lågaste bruttonasjonalprodukt,
og med så mange fattige kan dei ikkje seia nei dersom nokon ønskjer
å byggja. Men samtidig står ein i fare for å ødelegge Murchison
bay i Victoriasjøen, drikkevasskjelde for byen. Det blir gale
uansett, seier Petter Larsson.
Han fortel at våtmarkene har spart byen for store utgifter til
kloakkreinseanlegg. Men markene forsvinn i aukande tempo, reinseffekten
blir mindre og det er eit spørsmål om kor lenge ein kan ta drikkevatn
direkte frå Victoriasjøen utan store investeringar i avanserte
reinseanlegg.
Mange byggjer først og spør etterpå. For det manglar ikkje
på fine planar for korleis Kampala bør organiserast, det er ikkje
det som er problemet. Problemet er å halda seg til planane når
presset på byen er så stort, seier zoologen.
Flaum forureinar

Mange fattige barn kjem til byen
og byggjer på myrene.
Foto: Vincent Mugaba |
Ein annan konsekvens av utbygginga ser ein i regntida. I denne
delen av tropene kjem det mykje nedbør, og i regntida blir det
lett flaum. Sjølv om det er laga kanalar for å føra vekk vatnet,
er evna til å suga opp vatn i våtmarkene redusert slik at det
fløymer over både i bustader og latriner.
Flomproblemet forplantar seg til Kampala sentrum, kor dei lågaste
delane og trafikknutepunkta fort står under vatn når det regnar.
For å bøta på dette byggjer ein enda fleire kanalar ned mot Murchison
bay i Victoriasjøen for å få vatnet unna. Men i Murchison bay
ligg vassverka som forsyner dei som har tilgong til rennande vatn.
Når opphaldstida for avløpsvatnet i våtmarkene minskar, aukar
forureininga i Murchison bay. Ved å løysa flaumproblemet får ein
såleis problem med drikkevatnet.
Reint til dei rike
I Kampala er det oftast adressa di som avgjer kor reint vatn
du får. Sjølv om innflyttarane i våtmarkene har tatt seg gratis
tomteland, er det eit problem for dei å skaffa reint vatn. Men
den omfattande utbygginga ved Victoriasjøen gjer at sjølv mange
rike kan enda opp med skite vatn i springen. Dei rike får vatn
frå Victoriasjøen. Såleis hjelper det ikkje lenger å vera rik
om forureininga aukar.
Dei som bur på våtmarkene, har ikkje tilgong på rennande vatn.
Dei må finna vatn i kjelder ved botn av åsane der dei med høgare
levestandard bur. Vasskvaliteten blir deretter. Helsefaren er
betydeleg og ingen veit kor mykje sjukdom som er overført gjennom
vatnet.
Vi må bevisstgjera både ugandarane og oss sjølve om at
vi må tenkja i begge retningar når vi skal forholda oss til naturen.
Korleis vi behandlar naturen, får ein direkte effekt på levekåra,
seier Larsson.
Natur, samfunn og vatn
Prosjektet til Larsson er ein del av Natur, samfunn og vatn-programmet.
Der har ulike faggrupper som jobbar med problemstillingar knytt
til vatn funne saman. Eit av kjenneteikna ved Kampala by er nettopp
det tette samspelet mellom samfunn og vatn.
|

Nilabborfangst i Victoriasjøen.
Foto: Petter Larson
|
Vatn er like mykje samfunn som natur. Det prøver vi å
ta konsekvensen av med dette prosjektet. Realistar, samfunnsvitarar
og naturvitarar kommuniserer ikkje alltid så godt. Dei har ulike
måtar å sjå ting på. Alle skal gjera sin vitskap så godt som mogleg
ut frå sin ståstad. Vi som deltek i programmet, forklarar kvarandre
kva vi heldt på med og får nye synsviklar på våre eigne fagfelt.
Vi grupperer problema etter: by, våtmarker, bukt, innsjø, fortel
Larsson. 14 forskarar og studentar er involvert i forskjellige
delar av prosjektet.
Positive styresmakter
Ei gruppe zoologar frå Makerere-universitetet er knytt til Larssons
prosjekt. Ei av desse er lektor i zoologi Dr. Anne Miyingo Kezimbira.
Ho fortel at myndigheitene er svært positive til forsking på vasskvaliteten
og levevilkåra for artane som finst i Murchison bay.
Forureininga av Murchison bay kan få farlege langtidseffektar.
Dette går direkte på drikkevatnet. Vi veit no at det er omfattande
organisk forureining i sjøen. Dette må vi finna ein måte å handtera,
seier Miyingo.
Livet i sjøen truga
Det stadig meir forureina vatn i Murchison bay i Victoriasjøen
gjev både dårleg drikkevatn og dårlege vilkår for fisk. Når det
frå byen blir sleppt ut mykje organisk materiale til sjøen, fører
det til at det i indre del av Murchison Bay blir mangel på oksygen.
Bakteriane et opp oksygenet, og artane som lever i bukta må kunna
leva med lavt oksygeninnhald. Det avgrensar mangfaldet av artar
og øydelegg for fisket. Dårleg vasskvalitet har ført til periodar
med massedød av fisk i Murchison bay. Prosjektet til zoologiprofessor
Petter Larsson fokuserer på dette.
Det er samanheng mellom dei store førekomstane av blågrønalgar
og forureining frå byen. Algane kan bli giftige, men ingen veit
eigentleg når og kvifor, seier Larsson. Han fortel at også vasshyasintar,
nye fisketypar, heving av vatnet, klimatiske endringar og mindre
vind skapar forandringar i sjøen.
Vi har funne eit veldig høgt nivå av næringssalt inst
i bukta. Det er særleg mykje fosfor som gjer at planteplanktonet
er nitratbegrensa. Dette gir grunnlag for oppblomstring av blågrønalgar,
forklarer Larsson.
Vi veit strengt tatt kva ugandarane skal gjera, men det
er ikkje tilstrekkeleg. Det handlar mykje om pengar, men også
om å vera i stand til å sjå heilskapen for å forstå korleis vassproblema
skal løysast. Løyser ein eitt problem i krinsløpet, skaper ein
fort problem ein annan stad. Kampala og Victoriasjøen har naturgjevne
tilhøve som kan løysa vatn og avløpsproblem enklare og billegare
enn mange andre stader. Diverre øydelegg ukontrollert byutvikling
desse moglegheitene om ikkje noko blir gjort, seier Larsson.
 |
Dei aller rikaste på åsane har det reinaste
vatnet, medan dei som bur i slummen på myra må drikka forureina
vatn.
(Ill.: Petter Larsson) |
|