|
Når elevane ved Sæbø skule i Møre og Romsdal skal lære om livet
i sjøen, set dei seg ikkje ned ved pultane og høyrer på læraren.
Då hentar dei først fram informasjon og oppgåver frå Vassprogrammet
i Nettverk for miljølære på internett. Deretter tek dei gjerne
turen ned til fjøra rett utanfor skulen og leitar fram algar og
smådyr dei aldri har sett før. Etterpå må dei inn att til datamaskinene
og registrere i www.miljolare.no vassprogrammet kva dei fann.
Læraren er med dei som rettleiar.
Elevane har kartlagt planter, smådyr og søppel i fjøra
og i bekken som renn rett utanfor skulen vår, fortel Johs Halland.

Elevar frå Sæbø
skule i Møre og Romsdal. |
Men dei brukar ikkje Vassprogrammet berre i naturfag-
undervisninga. I mattetimen har 9. klasse målt straumen i bekken,
og i historie har dei teke utgangspunkt i gamle minnesmerke som
ligg ved bekken.
Ein viktig effekt av Vassprogrammet er at elevane er blitt
mykje betre kjende med nærmiljøet sitt. Dei er også blitt flinkare
til å bruke internett. Dei skriv sjølv registreringane sine rett
inn på internettet og har lært å bruke digitalt kamera, seier
Halland.
Til no har vi brukt Vassprogrammet i 8. og 9. klasse og
er svært nøgde med resultata. Eg trur elevane lærer meir gjennom
desse aktivitetane enn i den tradisjonelle undervisinga. Dei er
engasjerte og glade for å kome seg ut, seier han.
Lærer av elevane
Idéen bak Vassprogrammet er at elevane skal gjere oppdagingar
i sitt eige nærmiljø. Dei kan velje mellom 66 ulike aktivitetar
som er delt inn i fire tematiske bolkar. Dette er mangfaldet i
naturen, arealbruk og planlegging, ressursar og forbruk og kulturminne
og kulturlandskap.
Til no har om lag 800 skular teke Vassprogrammet i bruk. Historia
bak det omfattande undervisningsopplegget byrja ved Zoologisk
institutt på slutten av 80-talet.
Som eit ledd i Brundtlandkommisjonen og satsinga på miljøfag
i skulen fekk skuleelevar i oppdrag å måle vasskvaliteten i den
næraste innsjøen sin. Ved Zoologisk institutt vart det utvikla
ein database og eit undervisningsprogram om vatn. Saman med andre
program vart dette seinare slått saman og vidareutvikla til det
vassprogrammet vi har i dag, og det vart grunnlaget for Nettverk
for miljølære, seier ferskvassøkolog Olaug Vetti Kvam.
Ho leiar UiB sin del av nettverket og har ansvar for databasen.
Basen i Bergen får om lag to millionar kroner årleg til drifta
frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Miljøverndepartementet.
Tanken er at nettverket skal vere ein møteplass mellom
skule, forsking og forvaltning. Når elevane har utført ei oppgåve,
legg dei resultata inn i databasen. På denne måten kan samfunnet
få nytte av den kunnskapen elevane utviklar. Både andre elevar,
forskarar og folk i forvaltninga har hatt god nytte av det elevane
undersøker, seier Vetti Kvam.
Forskarar og forvaltarar har på si side bidratt med bakgrunnstoff
og laga standard for metodar. Dei kvalitetssikrar metodane for
at dataa skal vere fornuftige. På den måten har vassprogrammet
blitt ein felles arena for sektorar som sjeldan møtest.
Det viktigaste er likevel kva som skjer oppi hovudet til
eleven. I den tradisjonelle måten å lære på dryp læreren litt
av kunnskapen sin ned på eleven. Her er det elevane sjølve som
skaffar seg kunnskap og bidreg til informasjon som fleire har
nytte av, seier Vetti Kvam.
Kafeteria på internett
Nettverket er for alle skuleslag, heilt frå barneskulen og opp
til høgskular og universitet. Aktivitetane er bygd opp slik at
dei vert vanskelegare jo djupare ned i fagområdet ein går.
Metodane er like på alle nivå, men innpakninga er ulik
for dei ulike nivåa. Kor djupt inn i stoffet ein går, er avhengig
av alder, fortel Vetti Kvam. Vassprogrammet kan brukast i mange
skulefag, og er bygd opp etter kafeteriaprinsippet; ein kan plukke
ut det ein vil, som til dømes: Korleis er arealbruken og planlegginga
av vatnet der du bur? I ei slik oppgåve kan elevane lære seg å
følgje saksgangen i kommunen i ei bestemt sak. Elevane får då
lære om kven som bestemmer, og korleis saker vert avgjort
i tillegg til det dei lærer om den lokale vassressursen.Ei anna
oppgåve kan vere å finne ut kor kloakken blir av, eller kvifor
fisken har døydd ut i eit vatn som ser heilt reint ut. Det finst
i alle fall mange moglegheiter til å auka kunnskapen om forvaltninga
av lokale ressursar hos neste generasjon lokalpolitikarar.
|