Nr 4 - 2001

Les om:
Natur
Helse
Språk / Kultur
Samfunn
Kommentar/
politikk

Universitetet i Bergen sine hovedsatsings- områder er
marin forskning og utviklings-
forskning

Redaksjon

 

 

EU-støtte til elektronisk Wittgenstein

Isolert på ei hytte i ein stupbratt vestlandsfjord hadde Ludwig Wittgenstein nokon av dei mest produktive periodane sine. Til Vestlandet, som han tydde til for å finna ro og einsemd, kjem no Wittgenstein-forskarar frå heile verda.

Tekst: Hilde Kvalvaag Bang

Då han døydde i Cambridge i 1951, hadde den austerrikske filosofen berre utgitt eitt einaste filosofisk verk, Tractatus Logico-Philosophicus.

Wittgenstein
Teikning avTHREE etter eit fotografi av Wittgenstein tatt av Knut Erik Tranø i Cambridge i 1951.

Men om han publiserte lite, skreiv han mykje. Wittgenstein etterlet seg upubliserte manuskript på nesten 20 000 sider – det såkalla Nachlass. Mindre en ein tredel av dette har sidan blitt publisert i bokform. Men Wittgensteinarkivet ved Universitetet i Bergen har no publisert heile Nachlass i elektronisk form.

Wittgenstein var svært sjølvkritisk og omarbeidde ofte manuskripta sine fleire gongar. Dei er fulle av overstrykingar, rettingar, alternativ og innskot. For å kunna gjengje tekstane på ein så fullstendig og kildetru måte som mogleg, har Wittgensteinarkivet utarbeidd ein eigen registreringsstandard - eit såkalla kodesystem. Det er også blitt utvikla spesialprogramvare som er i stand til å utnytta dette kodesystemet i presentasjon og analyse av tekstane.

Det norske arbeidet med tilrettelegging av dei etterlatne skriftene starta med opprettinga av Det norske Wittgensteinprosjektet i 1981. Etter at dette prosjektet måtte gje opp arbeidet i 1987, vart Wittgensteinarkivet ved Universitetet i Bergen oppretta i 1990.

U-støtte til Wittgensteinarkivet

Arkivet held no til ved HIT-senteret (Forskningsprogram for humanistisk informasjonsteknologi) og er eit samarbeid mellom senteret og Filosofisk institutt. Arbeidet med den maskinleselege versjonen av dei etterlatne skriftene vart fullført i 2000 då Wittgensteinarkivet i samarbeid med Wittgenstein Trustees og Oxford University Press publiserte "Wittgenstein´s Nachlass. The Bergen Electronic Edition".

Nyleg fekk arkivet sin søknad om såkalla RI-status positivt svar frå EU-kommisjonen. Dette er truleg første gongen at eit humanistisk fag får denne nemninga. I ein periode på to og eit halvt år vil EU støtta europeisk forsking på arkivet med 165 433 euro (omlag 1,3 millionar norske kroner). Dette gjer at omlag tretti gjesteforskarar med Wittgenstein som fagfelt vil få stipend for å gjesta Wittgensteinarkivet.

Stor interesse

Det er stor interesse for Wittgenstein både i Europa og elles i verda. Europeiske forskarar vil no bli inviterte til å søkja om forskingsstipend. Ein komite beståande av internasjonalt kjende fagfolk frå informasjonsteknologi og filosofi vil velja ut blant søkarane. Fagleg leiar ved HIT-senteret, Claus Huitfeldt, var dagleg leiar for Wittgensteinarkivet frå 1990-1999.

– Vi gler oss sjølsagt over den anerkjenninga som ligg i å være det første humaniora-prosjektet som får RI-status, og over at Universitetet i Bergen no ser ut til å få noko igjen for dei store investeringane som vart gjort i Wittgensteinarkivet på 90-talet.

– Løyvinga er óg viktig fordi vi no får det aktive forskingsmiljøet rundt Wittgensteinarkivet som trengst for å utvikla utgåva vidare. Dette vil også vere nyttig for prosjekt innanfor tekstteknologi generelt, både med omsyn til andre elektroniske utgåver vi er involvert i, og med omsyn til forsking og utvikling innafor tekstkoding og web-teknologi, seier Huitfeldt som strekar under at det er forskar Alois Pichler, som no er leiar for Wittgensteinarkivet, som skal ha æra for utforminga av den vellukka EU-søknaden.

 

 

 

Fakta:

Wittgensteinarkivet ved UiB har nyss fått status som "European research infrastructure". Dette er det tredje fagmiljøet ved UiB som får denne EU-nemninga. Frå før tilbyr marine fag og fysikk slike "storskala-fasilitetar".

"Why is philosophy so complicated? It ought to be entirely simple. Philosophy unties the knots in our thinking that we have, in a senseless way, put there. To do this it must make movements that are just as complicated as these knots."

Ludwig Wittgenstein (1889 - 1951)

 

 

 

 

 

 

 

Fra arkivet:

Sommaren med Wittgenstein

Uib-magasinet 2 - 1996

l

Copyright © 2001-2002 Universitetet i Bergen  Ansvarlig redaktør: Morten Steffensen Kontaktredakjsonen