Nr 5 - 2001

Les om:
Natur
Helse
Språk / Kultur
Samfunn
Kommentar/
politikk

Universitetet i Bergen sine hovedsatsings- områder er
marin forskning og utviklings-
forskning

Redaksjon

 

 

"Kunstnarløn" til alle

Nanna Kildal, forskar ved Senter for samfunnsforsking, er redaktør for ei ny bok som argumenterer for vilkårslaus grunninntekt til alle borgarar.

Idéen får støtte frå fleire velrenommerte samfunnsvitarar som økonomen Steinar Strøm, UiO og professor i sosialpolitikk ved UiB, Else Øyen som meiner det finst svært gode argument for borgarløn.

Tekst: Hilde Kvalvaag Bang   Foto: Odd Mehus
Den nya sociala frågan

Professor i sosialøkonomi ved Universitetet i Oslo, Steinar Strøm, har gjort seg til talsmann for ei form for borgarløn, såkalla negativ inntektsskatt. Strøm meiner at dette verken er dyrt eller vanskeleg å innføra.

– Dette inneber eit minstebeløp som ein kan få utan å arbeida. Inntekter utover dette vert skatta med ein låg sats (til dømes 28 prosent). Den garanterte minstelønna kan gjerast avhengig av kven personen er, til dømes ut frå alder og kor mange born ein forsørger.

– Forslaget mitt betyr ikkje anna enn ei gjennomtenkt forenkling og sanering av dei overføringane og skattesatsane ein har i dag. Det vi må ta innover oss, er at det er dei med dei lågaste inntektene som sterkast blir påverka av skattar. Ikkje slik Høgre argumenterer - dei med høgast inntekter.

Større samfunnskake

Sosialøkonomen meiner at ei slik reform kan gjera inntektsfordelinga jamnare.

– Til saman tyder dette at samfunnskaka som skal delast kan bli større og betre fordelt. Allereie i dag mottek norske hushald pengar frå staten utan at dei arbeider, som barnetrygd og kontantstøtte. Det viktigaste motargumentet er at dersom den garanterte inntekta blir for høg, kan deltakinga på arbeidsmarknaden for personar med låg potensiell inntekt bli svekka, eventuelt falla heilt bort, seier professoren.

Omlegging til negativ inntektsskatt vil ikkje krevja store omstillingar, og er fullt mogleg å gjennomføra slik det offentlege Noreg er organisert i dag, meiner Strøm. Det som ein primært må gripa fatt i, er endring av skatte- og overføringsreglar. Dette kan gjerast i ein jafs, seier Strøm. Han meiner at det er rimeleg at negativ inntektsskatt skal liggja på eit punkt mellom sosialhjelpsstønad og dei lågaste lønningane, på rundt 100 000 kroner i året. Han vil gje negativ inntektsskatt til alle vaksne, altså alle myndige. Professor i sosialøkonomi Alf Erling Risa seier ein kan velja mellom å ha universelle ordningar som i utgongspunktet har få incitamentproblem, og målretta ordningar som krev endra åtferd for å oppnå dei. Målretta ordningar kan verka hemmande i høve til arbeidsmarknaden, meiner han.

– Eit døme på ei slik ordning er sosialstønaden som berre gjeld for dei som er "down and out". For desse folka er det straffbart å prøva å betra livssituasjonen sin gjennom arbeid eller utdanning. Gjer du noko slikt medan du går på sosialtrygd, kan du hamna i fengsel, seier Risa.

Sosialarbeidarar utan sjekkhefte

– Garantert minsteinntekt vil gje borgarane større rettstryggleik. Du veit kva du har rett på og kan planleggja betre, seier professor i sosialpolitikk ved UiB, Else Øyen.

Kan framtida gje nedlagde trygdekontor,der trygdebyråkratane og sosialarbeidarane har fått seg andre og meir samfunnstenlege jobbar? Det er slik Else Øyen trekker linjene for eit reformert norsk sosial- og trygdesystem. Ho ønskjer at sosialarbeidareane skal bistå folk, men ikkje utbetala pengar.

– Det trur eg er nærare den opprinnelege tanken om sosialarbeidaren si oppgåve. Tek ein bort forvaltninga av sosialstønad, for dei svært mykje meir tid til oppfølging av dei som treng det.

Debatten som ikkje kom

Medan borgarløn har vore eit stort og mykje debattert tema i til dømes Finland og til dels i Danmark, har det vore meir eller mindre stilt i Noreg og Sverige. Else Øyen, som no leiar Centre for International Poverty Research ved UiB, gav ut ei bok om garantert minsteinntekt (GMI) allereie i 1981. Boka vart ingen bestseljar, men seier Øyen, grunninntekt var ingen framand idé på agendaen den gongen heller.

– Så godt som alle politiske parti hadde liknande tankar i programma sine, seier Øyen. Ho redigerte boka fordi ho villa ha i gong ein debatt, men debatten kom ikkje.

– Vi såg at det var fleire som delte ut pengar enn som jobba i politi- og lensmannsetaten. Dessutan var ordningane så kompliserte at det gjekk ut over rettstryggleiken. Til dømes er dei ulike ordningane underlagt ulike typar rettferd. Å mista ein for på jobben er til dømes mindre verd i trygdesystemet enn å mista ein fot på trikken. Foten er jo borte uansett. Kva rettferd er det? spør Else Øyen.

Ho er svært oppteken av at det er viktig å ha visjonar for velferdsstaten.

– Då velferdsstaten vart innført for fullt i Noreg på 1970-talet, hadde vi allereie tenkt lenge på korleis vi ville at den skulle vera. Vi tenkte medan vi var fattige, og det trur eg er særs viktig.

Ho meiner den store diskusjonen rundt borgarløn eller garantert minsteinntekt ikkje er om ho kan innførast, men kva nivå ho skal liggja på.

– Jo høgare borgarløna er, jo lettare er ordninga å administrera. Borgarløna bør vera høgare enn sosialhjelpstønad, men må sjåast i høve til dei ytingane som finst i dag. Vi må finna eit nivå folk flest oppfattar som rettvist, seier Øyen. Ho trur det er lurt å byggja vidare på eksiserande system, heller enn å innføra ei stor og politisk vanskeleg reform.

Usikre liv

Skal vi altså løna folk for ikkje å arbeida?

– Spørsmålet kan stillast på ein annan måte, seier forskar Nanna Kildal ved Senter for samfunnsforskning. Ho meiner det er meir fruktbart å sjå på kva konsekvensar ei kompromisslaus arbeidslinje får for eit samfunn.

– Idéen om vilkårslaus grunninntekt eller borgarløn byrjar å få ganske stor merksemd i Europa. Bakgrunnen er særleg arbeidsmarknaden i dag, som går i retning av mellombels og usikker sysselsetting, med færre vernande rettar, lågare inntekt og mindre tryggleik. Ein ser det urimelege i at dei stadig fleire marginaliserte som står utan fast arbeid og fast inntekt, lever svært usikre liv. Det gamle samfunnet er tilpassa eit samfunn med stabile institusjonar. Folk blir ikkje lenger fanga opp av eit anstendig velferdssysem, seier Nanna Kildal.

– I ei rekkje land er det på 1990-tallet innført strenge "arbeidslinjer" som byggjer på den moralske idéen om at "ingen bør nyta utan å yta". Men dersom det å gje noko tilbake til samfunnet ikkje er mogleg, så må ein kanskje heller løysa banda mellom arbeid og inntekt. På lengre sikt vil folk kunna bidra tilbake, for poenget er at dei skal kunna gå inn og ut av arbeidslivet. Dette er den beste sikringa av livsvilkår for individet, meiner Nanna Kildal.

Ho er aktuell med boka Den nya sociala frågan: Om arbete, innkomst og rättvisa som har kome på Daidalos forlag i Sverige. bidragsyterne i boka er velkjende samfunnsforskarar, mellom anna nobelprisvinnaren i økonomi, Robert M. Solow og professor i statsvitskap ved Humboldt-universitetet i Berlin, Claus Offe.

Til å leva av

Om lag som ei kunstnarløn (ca 115 000 kroner) svarar samfunnsforskaren når vi spør henne kva summar det eigentleg er snakk om. Ho meiner grunninntekta skal gjevast til kvar enkelt borgar, uavhengig av hushald, og ho vil gje inntekta til dei som er myndige.

– Problemet med reforma er i første rekke at ho vil ramma den moralske kjerna i vestlege samfunn. Det er eit angrep på resiprositetstanken, at ein skal yta for å nyta, seier Kildal som ser det som problematisk å forsvara at nokon skal få sleppa å bidra til fellesskapet. Ho er også redd for at ein slik reform kan bli dyr. Ho meiner likevel at alle fordelane veg langt tyngre enn ulempene

 

 

FAKTA:

Trygdeetaten utbetalte totalt over 209 milliardar kroner i 2000. Folketrygda sine samla utgifter utgjorde omlag 175 milliardar kroner eller omlag 77 000 kroner for kvar sysselsett. Nærare 80 000 menneske får uføretrygd. 629 000 mottek alderspensjon og over 90 000 mottek kontantstøtte. Rikstrygdeverket reknar med at omlag 1,2 millionar personar til eikvar tid har hovudinntektskjelda si frå folketrygda.

Unge frustrerte menn

Professor i sosialøkonomi Alf Erling Risa er skeptisk til samfunnsløn.

– Teoretisk kan det argumenterast for at borgarløn kan motivera betre til arbeid enn mange andre ordningar , men ei grunninntekt så høg som 100 000 kan fort få motsett effekt. Spesielt for yngre menn.

– Vi har i dag ei ganske stor gruppe, for det meste unge menn, som lever i utkanten av samfunnet. Dei syslar med data og spelar litt gitar, for å setja det på spissen. Dette er eit velferdsfenomen, og vi kan oppleva ei gruppe som ter seg slik den engelske overklassa gjorde i førre århundre, der dei har eit heller fjernt tilhøve til vanleg lønsarbeid.

Ei årsak til den svake tilknytninga til arbeidsmarknaden er at dei vil prøva ut dei kunstneriske evnene sine. For 50 år sidan var det få som gjorde seg slike spørsmål fordi dei ikkje hadde hatt råd til å tenka på slikt. Med ei relativt høg samfunnsløn kan vi risikera at denne gruppa veks seg så stor at det vert eit problem.

Dersom alderen for å starta yrkesaktiviteten held fram med å gå opp, samstundes som pensjonsalderen går ned, kan det rett og slett bli for få i arbeidsstyrken til å oppretthalda velferdsstaten.

Også jenter har i 20-åra ein høg preferanse for å sjå verda og finna seg sjølv, men dei unge kvinnene synest å skaffa seg meir utdanning og tettare tilknytning til arbeidsmarknaden, seier Alf Erling Risa som har forska på ungdom sitt tilhøve til arbeidsmarknaden.

 

Fleksibel fattigdom

Mange meiner at Europa lir av Eurosklerose, det europeiske velferdssystemet vert rekna som rigid, medan det amerikanske har ry på seg som fleksibelt.

Ei oppfatning som at vi har vore altfor gåvmilde i Europa, har breidd seg det siste tiåret, og det har blitt legitimt å snakka om ei ny kontrakt mellom innbyggjarane og staten.

I USA har dei brukt langt meir drastiske verkemiddel mot "snillismen". Under Clinton vart det såkalla workfare-programmet innført. Der er idéen er at ein skal få sosialhjelp i to år, deretter er ein "out". Det tyder at alle, uansett kor ressurssvak du måtte vera eller kva livssituasjon du måtte vera i, må ut på arbeidsmarknaden. Dette må i realiteten alle betala for, argumenterer ein av bidragsytarane i Nanna Kildal si nye bok, nobelprisvinnaren i økonomi frå MIT, Robert M. Solow. Mest må dei betala som skal inn i ein arbeidsmarknad nedst på rangstigen.

Nanna Kildal meiner at det finst tendensar til at vi i Noreg går i retning av den amerikanske workfare, om enn ei europeifisert utgåve.

– Døme på dette er at ein del unge ikkje får sosialhjelp dersom dei ikkje yter noko tilbake, eit anna døme er "arbeid for trygd"-programmet.

 

Copyright © 2001-2002 Universitetet i Bergen  Ansvarlig redaktør: Morten Steffensen Kontaktredakjsonen