Nr 6 - 2001


Articles
in English

Les om:
Natur
Helse
Språk / Kultur
Samfunn
Kommentar/
politikk

Universitetet i Bergen sine hovedsatsings-
områder er
marin forskning og utviklings-
forskning

Redaksjon

 

Kulturforskar og maktutgreiar Siri Meyer har innført nye omgrep og verkemiddel i studiet av makt.
– Verda er blitt meir komplisert og makta meir tvetydig. Før kunne me peika på ein institusjon eller person og seia at der er makta. No er makta mykje meir usynleg. I denne situasjonen er det lett å kjenna seg avmektig, seier Meyer.

Sjølv har ho skapt ei ny forskarrolle gjennom å gå i dialog med forfattarar, skodespelarar og andre kunstnarar for å få fram ny kunnskap om makt og avmakt. Ei ny tid krev nye verkemiddel og også eit anna vitskapleg språk, hevdar Meyer.

I denne utgåva av UiB-magasinet møter me ei rekkje fagmiljø som forskar på makt. Somme av perspektiva vil mange lett kunna kjenna att gjennom eigne erfaringar; som kjensla av avmakt i møte med helsevesenet. Kjønn og makt i velferdsstaten er eitt av prosjekta som blir presentert.

Bruk av makt stiller oss også overfor vanskelege etiske dilemma. Er det rett å tvinga menneske til å motta hjelp? Men aller først skal me få innblikk i ein unik studie i sitt slag; ein analyse av maktstrukturar og nettverk i norske aksjeselskap over ein periode på 25 år.

Les mer her.

 
Ansvarlig redaktør: Morten Steffensen