
Makttilhøvet mellom lege og
pasient er spesielt tydeleg i gynekologiske undersøkingar.
Gynekologstolen understrekar dette makttilhøvet, ifølgje
professor Kirsti Malterud. |
For berre få år sidan var det vanleg praksis ved
norske sjukehus at kvinnene låg på ryggen i ei fødeseng
under fødselen. Men i løpet av dei siste åra
har fleire peika på at dette slett ikkje er den beste stillinga
korkje for mor eller barn.
Denne praksisen vart nok halden i hevd av omsyn til legane,
og ikkje av omsyn til dei fødande kvinnene. Det var legen
sitt behov for kontroll over situasjonen som skapte denne praksisen.
I dag blir kvinnene oppmoda til å føde slik dei kjenner
for sjølve, seier sosiolog Lise Widding Isaksen.
Ho leiar eit tverrfagleg forskingsprosjekt om kjønn og
makt i velferdstaten, og den medisinske praksisen er eit av områda
forskarane har teke føre seg.
Mykje tydar på at gynekologstolen heller ikkje er
så nødvendig som vi trur, seier Isaksen, og viser
til professor i medisin Kirsti Malterud som har studert rutinane
kring gynekologiske undersøkingar.
Tek stolen for gitt
Ei gynekologisk undersøking er ein kjønnsspesifikk
prosedyre. Det er ikkje det same som å ta blodprøve.
Det må legane ta omsyn til, seier Kirsti Malterud.
Avmektig, naken og forsvarslaus er typiske karakteristikkar kvinner
gir av det å ligge i ein gynekologstol. Det har mellom anna
kome fram i ei undersøking Malterud har gjort saman med
Merete Larsen og Cathrine Oldeide. Og då er det sjølve
liggestillinga i stolen kvinnene viser til.
Du er så sårbar i den posisjonen. Det er sjølve
posisjonen som er skremmande. Du kjenner deg så liten og
naken, seier ein av informantane i undersøkinga. Malterud
peikar på at maktforholdet mellom lege og pasient er spesielt
tydeleg i gynekologiske undersøkingar, og trur sjølve
gynekologstolen strekar under dette maktforholdet.
Etter at eg oppdaga at britiske legar sjeldan brukar gynekologstol
i underlivsundersøkingar, vart eg interessert i å
finne ut kvifor vi alltid brukar den her hos oss, fortel Malterud.
Når eg spurte folk i helsesektoren, fekk eg ofte
til svar at det var av omsyn til legen, altså at gynekologstolen
er ein reiskap for funksjonell arbeidsstilling. Det kan sikkert
vere riktig, men ut frå eigne erfaringar er eg ikkje så
sikker på om den er så viktig som mange legar trur.
Gynekologstolen er ein del av den medisinske praksisen som me
tek for gitt, seier Malterud.
For eldre kvinner, og kvinner med handikap, kan det å kome
opp i stolen vere eit problem i seg sjølv. I undersøkinga
kom det ikkje fram noko eintydig svar på kor viktig det
var om legen var mann eller kvinne, kor mykje informasjon dei
fekk osb. Men ein ting var kvinnene samde om: Dei grudde seg for
gynekologstolen.
Når kvinnelege pasientar så eintydig reagerer
negativt på gynekologstolen, er det ein viktig grunn til
å spørre om vi verkeleg treng han til vanlege undersøkingar.
Eg trur ikkje det er så mange legar som stiller slike spørmål,
seier Malterud. Ho meiner praktiske detaljar kan ha stor innverknad
på samspelet mellom lege og pasient, og har gått nøye
gjennom sine eigne rutinar når ho dagleg gjer gynekologiske
undersøkingar som allmennpraktikar.
Fjernar spor etter svangerskap
Framveksten av kosmetisk kirurgi er eit anna felt innan medisinen
som forskarane i prosjektet har vore opptekne av. Lise Widding
Isaksen har saman med Anne Karen Bjelland gjort ei undersøking
blant dei som nyttar seg av kosmetisk kirurgi.
Kosmetisk kirurgi har kome ganske langt i Noreg. Dei fleste
som oppsøkjer klinikkane er kvinner. Fleirtalet av dei
er unge og velutdanna, og dei gjer det for å fjerne spor
etter svangerskap, seier Isaksen.
Liknande undersøkingar i andre europeiske land viser det
same.
Dette er et eit sterkt signal om at morsrolla er blitt
meir problematisk, og særleg morskroppen. Alt fokuset på
kropp har påvirka oss til å jage etter ungjentekroppen.
Morskroppen har blitt eit lavstatusteikn, på same måten
som omsorgsarbeidet er det. Idealet er å ha ein kropp som
struttar av styrke og vitalitet. Kanskje har kvinner blitt integrerte
i arbeidslivet på premissane til mennene, seier Isaksen.
Kvinnene i undersøkinga hadde ei hushaldsinntekt som ligg
godt over gjennomsnittet.
Det ligg mykje pengar i denne bransjen, og samspelet mellom
kommersielle krefter og medisinsk ekspertise vert stadig meir
komplisert. Det kan og skape større sosial ulikskap, seier
Isaksen. Kirurgien er eit område innan medisinen som vert
oppfatta som maskulint.
Medan det no er fleire kvinner enn menn som studerer medisin,
er kirurgien framleis eit område som er svært dominert
av menn, seier Isaksen.
Brosjyrar for private klinikkar som tilbyr kosmetisk kirurgi
spelar på førestillinga om kirurgen som kunstnar.
På fleire brosjyrar er det kunstbilete av nakne kvinnekropper
på forsida, seier Isaksen.
Ho minner om at dei fleste norske kvinnene ser ut til å
trivast med den kroppen dei har, og at det er eit lite mindretal
som brukar kosmetisk kirurgi.
Det er likevel eit veldig sterkt signal når nokre
kvinner ikkje kan leve med spor etter svangerskap. Dette er eit
paradoks når vi samstundes veit at vi ligg på topp
i Europa når det gjeld barnefødslar per kvinne, seier
Isaksen.
Må vere flinke hos legen
Eit anna emne forskarane har teke opp er forholdet mellom legar
og kvinnelege pasienter med ubestemte helseplager.
Kvinnelege pasientar vert ofte møtt på ein
annan måte enn mannlege når dei oppsøkjer lege.
Vi er særleg opptekne av såkalla ubestemte helseplager,
helsetilstandar hos kvinnelege pasientar som legen ikkje stiller
diagnose på eller finn behandling for. Det er framleis vanleg
å avfeie desse helseplagene som noko psykisk eller nervøst.
Desse kvinnene opplever å ikkje bli tekne på alvor.
Men hvis vi skal få ei betre helseteneste, må vi la
pasientane kome til orde og la dei snakke om sine erfaringar,
seier Isaksen.
Det er nettopp kva doktorgradsstudent i sosiologi Anne Werner
har gjort i intervjua av kvinner med kroniske muskelsmerter. Ho
har undersøkt kva strategiar dei bruker for å bli
tekne på alvor av legen.
Kvinnene eg intervjua hadde svært negative erfaringar
med helsesektoren. Dei kjende seg både avvist, oversett
og latterleggjort, seier Werner.
Dei kjempar for å gjere smertene synlege og jobbar
for å stå fram som truverdige, men ønskjer
samstundes ikkje å framstå som svake. Dei må
ofte kjempe hardt for å få grundige undersøkingar.
Desse kvinnene har sjukdomar som har lav status både blant
legar og pasientar, og det er lett å gje kvinnelege pasientar
skuldkjensle for at dei er sjuke, seier Werner.
Ho er ei av bidragsytarane i boka Kvinners ubestemte helseplager
som nettopp har kome ut. Boka utfordrar den etablerte medisinske
kunnskapen ved å sette spørsmålsteikn med kor
ubestemte desse helseplagene eigentleg er. Kirsti Malterud er
redaktør for boka. Når forskingsprosjektet om kjønn
og makt i velferdsstaten vert avslutta til neste år, skal
heile arbeidet oppsummerast i ei bok.
|