|
Ordninga med Senter for framifrå forsking er eit viktig verkemiddel
for å styrka og stimulera alt eksisterande gode fagmiljø slik
at dei kan bli endå betre og i stand til å hevda seg internasjonalt.
100 friske millionar kroner i året skal sprøytast inn i 5-10 nye
senter for å spissa kompetansen på nokre utvalde område.
Etter ein omfattande kvalifiserings- og uttaksprosess har no
40 kandidatar nådd finalen i SFF-konkurransen. Ni av desse finalistane
er frå UiB og ein tiande er eit samarbeidsprosjekt med SNF og
NHH, der UiB leiar den eine delen av det planlagde senteret. I
denne utgåva av UiB-magasinet vert alle desse presenterte. Dei
representerer eit breidt spekter av fagområde, og alle er tverrfaglege.
Finalistane har nyleg sendt av garde meir utfyllande søknader
til Forskingsrådet som arrangerer konkurransen. I slutten av juni
vert det klart kven som får den ettertrakta statusen. Det som
likevel er klart alt no, er at det neppe vert nokon taparar. Prosessen
i seg sjølv har vore verdfull for deltakarane, og ei heiderleg
pallplassering i dette selskapet er ikkje noko å skamma seg over.
Les mer her.
|